Saksfelt:


Organisasjon:


 Endeleg nei til kårhus i landskapsvernområde i Kvam
Fylkeslandbruksstyret sa 13. november nei til bygging av kårhus i strandsona i Berge Landskapsvernområde, etter at løyvet var påklaga av Naturvernforbundet lokalt.



20.11.2002


Pressemelding frå
Naturvernforbundet i Kvam 20.november 2002
Endeleg nei til kårhus i landskapsvernområde i Kvam

Fylkeslandbruksstyret sa 13. november nei til bygging av kårhus i
strandsona i Berge Landskapsvernområde, etter at løyvet var påklaga
av Naturvernforbundet lokalt.


Naturvernforbundet i Kvam er svært nøgd etter at eit samrøystes
fylkeslandbrukssyre sa nei til å tillata bygging av eit kårhus i
strandsona sentralt i landskapsvernområdet i Stekka, Berge Landskapsvernområde.
Naturvernforbundet hadde klaga på vedtaket som gav grunneigaren byggjeløyve
på denne staden.


- Vedtaket er viktig nasjonalt, seier leiar i Naturvernforbundet i Kvam, Kari
Mostad. Området har vore verna sidan 1984 og utgjer i fylje Kulturhistorisk
vegbok for Hordaland "..eit sjeldsynt komplett historisk miljø både
når det gjeld sagbruk og sjøbruk…" Å bevare dette
intakt er viktig langt utover Kvam herad sine interesser. Men løyvet
som vart gjeve føyer seg diverre inn i rekkja over kommunale vedtak der
det gang på gang syner seg at nærheit til saka gjer at politikarane
misser overblikket. Saker av denne karakteren bør avgjerast på
eit plan utanfor kommunen.


- Vedtaket i fylkeslandbruksstyret er og særs viktig i forhold til at
den omsøkte tomta låg i strandsona. Hordaland fylke er på
jumboplass kva gjeld handheving av byggjeforbodet i strandsona. Dersom dette
kårhuset hadde vorte bygd, ville det ført til ein dominoeffekt
som ikkje ville ha vore til å leva med i heradet, seier Mostad.


Naturvernforbundet i Kvam er og særs nøgd med måten fylkeslandbruksstyret
nytta jordlova.

Jordlova omfattar omsyn til vern av jordsmonnet som produksjonsfaktor, men dessutan
og å ta vare på kulturlandskap som grunnlag for liv, helse og trivsel
for menneske, planter og dyr. - Dette er difor eit viktig vedtak når fylkeslandbruksstyret
har nytta jordlova etter desse intensjonane. Me vonar det kan vera med på
å skapa presidens på handheving av jordlova i kommunen i framtida,
seier leiaren.


I denne saka er det Fylkesmannens miljøvernavdeling som har gjeve løyve
til dispensasjon frå vernereglane, mens landbruksavdelinga som har tatt
ansvar for miljøomsynet. Dette finn me i Naturvernforbundet ganske oppsiktsvekkande,
og dette bør få eit etterspel hjå fylkesmannen.


- At me i Naturvernforbundet har fått medhald i klaga vår er ein
viktig siger for oss og for miljørørsla generelt. Det syner at
alle dei frivillige som nytter tida si til å jobba med naturvern ikkje
alltid jobbar fånyttes. Saka syner også at det nyttar å nå
fram gjennom legale kanalar, seier ein nøgd leiar i Naturvernforbundet
i Kvam.




For meir informasjon kontakt:

Kari Mostad privat: 56 55 60 01 jobb 56 55 25 05

Klaus Rasmussen; Privat 56 55 51 95 mobil 97 08 60 35



POST: Postboks 1201, 5811 Bergen BESØK: Jacobsfjorden i 3. etasje, Bryggen 23, Bergen TLF: 55 30 06 60
FAKS: 55 30 06 50 VIDEOTELEFON: 4755300660@callway.tandberg.com EPOST: hordaland(a)naturvern.no