 Skuffa over kommuneplanen for Kvam Naturvernforbundet i Kvam har sett fram til at heradet skal få ein plan for korleis ein skal ta vare på og bruka arealet i heradet i åra som kjem. Når høyringsframlegget no er lagt fram, er lokallaget skuffa. 

|
| 03.05.2005
|

|

Naturvernforbundet i Kvam, v/ Kari Mostad, Soldalsvegen 133 5610 Øystese
Kvam herad Eining for utvikling Grovagjelet 16 5600 Norheimsund
5610 Øystese 28 april 2005
Merknad til høyringsframlegget til kommuneplanen sin arealdel for Kvam
Naturvernforbundet i Kvam har sett fram til at heradet skal få ein plan for korleis me skal ta vare på og bruka arealet i heradet i åra som kjem. Når høyringsframlegget no er lagt fram, er me skuffa. Framlegget legg mellom opp til ei omdisponering av naturområde og dyrka jord som ikkje kan vera turvande for ein tidsperiode på 10 år. Sjølv om det ikkje står i tittelen på høyringsframlegget, reknar med at planen skal vara til 2014, slik det står i tekstdelen, «Kommuneplan 2002 - 2014, Mål og strategiar».
Når me skal sjå på den planlagde arealbruken, er det vanskeleg å vurdera konsekvensane. Svært lite er talfesta. Me saknar både eit samla og meir detaljert oversyn over kor store område som skal omdisponerast og korleis det skal brukast. Til dømes hytteområde X: ??? dekar, plass til ??? hytter. Det same gjeld bustadområde og næringsområde. Rett nok vert det nemnt ein del areal i eit notat, som kan hentast ned på heimesida til heradet, men den oppsummeringa er ikkje lett å finna fram i.
Bruk av dyrka jord Naturvernforbundet i Kvam vil understreka at dyrka jord fyrst og fremst skal brukast til matproduksjon. I tillegg er dyrka mark ein viktig del av kulturlandskapet. I og nær tettstadene kan dyrka mark skapa variasjon og opningar i utbyggingsområda. Om vinteren kan desse opningane vera fine friområde. Det kan verka som jordloven er gløymd i arbeidet med arealplanen.
Som nemnt i innleiinga er det vanskeleg å finna ut kor mykje dyrka mark som er tenkt omdisponert i planperioden. I fylgje landbruksdirektøren hos fylkesmannen er det planar om å omdisponera 1460 dekar. Det utgjer nær 250 fotballbanar på 100 x 60 meter. Truleg tek fylkesmannen litt feil, men likevel er arealet godt over 1000 dekar. Uansett vert uansvarleg mykje dyrka jord planlagt brukt til anna enn matproduksjon.
I fylgje landbruksteljinga i 1999 er det 23.132 dekar jordbruksareal i drift i heradet. Av omsyn til dei som kjem etter oss, er det svært kortsiktig å omdisponera meir enn fem prosent av den dyrka jorda i løpet av 10 år.
Det verste eksempelet på jordøyding, er planane om industriområde på Mo i Steinsdalen, der omlag 100 dekar av den beste og mest lettdrivne jorda vert omdisponert. Elles vert det teke ein bit her og ein bit der, utan at det er dokumentert trong for det.
Me vil også peika på at heradet handsamar ein landbruksplan, som har andre mål for bruk av dyrka jord enn kommuneplanen sin arealdel.
Bustadbygging I LNF-område er det sett av plass til 93 bustadar som spreidd bustadbygging. Med planmessig utnytting kan det verta gode løysingar som ikkje tek i bruk dyrka jord.
Elles er så vidt me registrerer arealbruken lite talfesta på dette området også. I sentrale strøk av Strandebarm, Norheimsund og Øystese er det plass for fortetting og betre utnytting av tettstadområdet før store jordbruksområde vert teke i bruk. På Tangerås er det kortsiktig å bruka dyrka jord til bustadfelt når eksisterande bustadområde kan utvidast der det i planen er sett av grovt rekna 600 dekar til hytteområde (Skithellerhaugen).
I «mål og strategiar» er eit hovudmål at folketalet skal auka med 1500 innbyggjarar på 10 år. Naturvernforbundet meiner at det er eit heilt urealistisk mål. Det er heller ikkje ynskjeleg med så stor auke. Naturvernforbundet legg vekt på at arealplanane for bustadbygging må tuftast på meir sannsynlege mål. På den måten kan mange av problema og konfliktane i arealplanen verta unngått.
Hyttebygging Naturvernforbundet i Kvam stiller seg undrande til planane for hyttefelt for dei næraste ti åra. Eit grovt overslag vil tilseia at nær 5.000 dekar skal omdisponerast. Her er ikkje Kvamskogen med. Av same grunnar som nemnt tidlegare, er det vanskeleg å vurdera konsekvensane, Men med til dømes to dekar pr. hytte, vert det plass til 2.500 hytter.
På side 43 i kommuneplanen for Kvam (2002 -. 2014) vert det peika på strategiar for hyttebygging. Naturvernforbundet har lita tru på at gigantfelta ovafor Bjørke, i Skisetemarka, ved Holseter og Skithellerhaugen på Tangerås kan oppfylla punkt 45 i «mål og strategiar». Der vert det også peika på at det skal lagast retninglinjer for tilkomst til hyttefelt i arealplanen. Me kan ikkje sjå at det er kome med. Serleg feltet på Bjørke ligg ulagleg til for vegutløysing.
Det viktigaste ankepunktet i høve til naturverninteresser er at store hytteområde fører til auka press på og bruk av natur, både i sjølve hytteområdet og områda kring. Verken arealdelen eller «mål og strategiar» har klare mål for hyttebygginga i kommunen.
Feltet på Bjørke er rundt rekna 700 dekar, og lagt utan planlagd tilkomst, i og like ved eitt av dei viktigaste viltområda i heradet, jfr rapporten «Viltet i Kvam» som vart ferdig i 2002, sjå mellom anna side 15. Deler av området har urskogpreg med både storfugl og orrfugl. Her er også viktige vintertrekkvegar for hjort. I viltrapporten vert det sagt at området truleg har lite ferdsel og at avgrensa bruk er viktig for å ta vare på naturkvalitetane. Omsyn og tiltak for å ta vare på området er:
- all skogbruksverksemd bør ta utgangspunkt i eit viltvenleg skogbruk
- vegane i området bør ikkje kunna nyttast av andre enn grunneigarane
- det bør ikkje byggjast fleire vegar i området.
Naturvernforbundet ber om at bruken av området vert vurdert på nytt og teke ut av planen. I staden meiner me at området som er merka med N, må utvidast slik at det sereigne naturområdet innover bak og forbi Bjørkeveten vert teke vare på. Sjølve Bjørkeveten må markerast som eit kulturminne.
Feltet i Skisetemarka ser ut til å vera 500- 600 dekar. Det kolliderer med eit viktig viltomårde, som heiter Mykven i viltrapporten. Området er fyrst og fremst viktig for storfugl og orrfugl og har trekkveg for hjort.
Ved å gå inn for hyttebygging i desse områda er faren stor for at storfugl og orrfugl misser to viktige leveområde i heradet.
Hytteområdet ovafor Kjosås er også svært stort. Det er ikkje vist tilkomst til feltet. Naturvernforbundet meiner at hytter i Sjuseteområdet bør byggjast nærare «veg, vatn og kloakk» i utmarka i området som alt er i bruk til ein del hytter. Der går det an å ta til med ei mindre utbygging
I Strandebarm er det plassert eit hytteområde, Skithellerhaugen, på omlag 700 dekar ovafor Tangerås og Bru. Her kan truleg tilpassast både hytte- og bustadfelt i eit mykje meir rimeleg omfang. Området er eit viktig utgangspunkt for turar og friluftsliv i nærområdet. Det er ikkje teke omsyn til ved ei så omfattande omdisponering.
Storleiken er også ei viktig innvending mot feltet nedafor Holsete. Dette er eit mykje brukt fritidsområde og ein av dei mest tilgjengelege snøsikre stadene i ytre deler av kommunen. For friluftslivet er det difor avgjerande at vegen ikkje vert brøyta om vinteren.
På Linga er det plassert eit hytteområde i det store, samanhengjande området som er merka N. Dette er også eit viktig viltområde. Hyttefelt bør ikkje plasserast i LNF-område merka med N, som vil sei at naturvern skal takast mest omsyn til.
Generelt meiner naturvernforbundet at planen har for store ambisjonar for bygging av hytter. Heradet treng ein meir gjennomarbeidd plan for slik bygging enn framlegget til kommunplan, både arealdelen og «mål og strategiar».
Me tykkjer det er eit framsteg at arealplanen har retningslinjer for nybygg og restaurering i stølsområde. Før planen vert godkjent, oppmodar me heradet om endra nokre «bør» til «skal»
Vassdrag Naturvernforbundet ser med glede at det er kome retningslinjer for all bygging langs vatn og vassdrag. Me meiner likevel at slike inngrep må ha ein avstand til elv og vassdrag på 50 meter alle stader. Det var også framlegget frå administrasjonen tidlegare i planprosessen.
Når det gjeld løyve til mikro- og minikraftverk, kan ikkje det vera tillate i verna vassdrag. I andre vassdrag kan det vel heller ikkje vera meininga at det skal vera tillate utan vidare. Me saknar også ein meir eksakt storleik på mikro- og minikraftverk. I «mål og strategiar» pkt 55.3 side 45 vert det skrive at det skal utarbeidast retningslinjer for bygging og aktivitet rundt dei sentrale vassdraga våre. Me kan ikkje sjå at føresegnene i arealplanen er gode nok på dette feltet.
Viktige naturområde Bortsett frå at det er markert på kartet med grønt, og merkt med N, nemner planen lite om korleis slike område skal vernast. Lett tilgjengelege naturområde, både i utmark og ved strand og vassdrag nær tettstadene er ein viktig ressurs, ikkje minst med tanke på barnehagar og skular, jfr. pkt 41 i «mål og strategiar».
Naturvernforbundet støttar planane om landskapsvernområde mellom Kvamskogen og Hamlagrøvatnet. Det undrar oss at heradet ikkje har teke initiativ for å få det til. Etter at Øystesevassdraget er føreslege verna, er det mogeleg å få verna dette store samanhengande natur- og kulturlandskapet.
Strandsona og friområde Naturvernforbundet i Kvam, med støtte frå mellom andre heradet, fekk gjennomført ei opinionsundersøking i 2002 med strandsona som tema. Responsen var tydelig: Kvemmingane ønskjer meir tilgang til fjøra og ein strengare arealforvaltning i dette strandområda.
Kvam herad er velsigna med ein lang og variert strandline. Topografien gjer store delar av denne utilgjengelig frå landsida, slik at mange plassar berre kan nyttast med båt. Den midtre del av heradet frå Fykse til Tørvikbygd har den lettast tilgjengelige strandsone. Problemet her er den tett utnytting med busetnad og annan utnytting, og store avstandar mellom badeplassarne og område langs fjorden der ein kan ferdast.
Området Norheimsund- Øystese er det tettast befolka i heile kommunen og så godt som samanbygd. I Norheimsund har me Sandvenholmen, som krev bruk av båt, Holmsund og Skipadalen Lunhaug). Holmsund er ein perle og særs mykje brukt. Lunhaug er mindre trivelig og alltid eit andre val.
I Øystese er det berre eit område som er tilrettelagt ved kyrkja midt i sentrum. Området har aldri vore populært som badeplass, folk reiser heller til Laupsa eller Holmsund.
Med ein vekst i folketallet i midtre Kvam vil desse plassane få enno fleire brukarar! Øystese treng eit område langs fjorden der ein kan bade og rusla. Slepphendt areal disponering gjennom 1980 og -90 talet gjer det vanskelig å finna slike areal.
Naturvernforbundet vil gjera framlegg om eit offentlig friområde og badeplass på Lundanes ned forbi Storeteigen. Med tilretteleggjing vil dette område vera på høgda med Holmsund og ein varig trivelsfaktor for alle i Øystese. Alt no er det gang- og sykkelveg og parkeringsplass ved bygdemuseet.
Laupsa er ein mykje nytta tur- og badeplass. Ofte er friområdet fylt og det kan vere vanskelig å finne parkering. Området lengre inne i vika bør opnast opp for allmenta. NNV ønskjer ingen hyttebygging i dette område og meiner det ikkje samsvarer med ålmenta sine friluftsinteressar. Ein utbygging på Laupsa bør skje rundt eksisterende hus. Uansett utnytting må det takast spesielt omsyn til ålmenta sitt tilgjenge til stranda.
Bergstø-neset er eit ynda turområde med ein unik utsikt. Naturvernforbundet meiner bakkane her aldri må bebyggast.
Steinurskjeret: Naturvernforbundet sterkt mot omregulering av «Steinureskjeret» ut forbi Sandvenholmen. Det er vanskelig å forstå bakgrunnen og må vel nesten oppfattast som ein vits! Ein veg og eit monument ute på skjeret vil bryte med alle gjengse forståingar av eit harmonisk landskap. Sandvenholmen er sjølve blikkfanget når du kjem langs med fjorden til Norheimsund og den profilen kan me ikkje kan skusla bort ved å byggja kloss i skjeret.
På Ljonestangen har me eit viktig natur-, kultur, og friområde som er sterkt pressa av næringsområde. No er det på tide at det fyrst og fremst vert teke omsyn til frilufts- og naturinteressene i planlegginga i dette området.
Industriområde på Nes Med bakgrunn i natur- og kulturvern går Naturvernforbundet sterkt mot det planlagde industriområdet. Både sjølve området som ser ut til å vera omlag 200 x 350 meter ( 75 - 80 dekar), og den lange tilførselvegen vil gjera sterkt inngrep i eit unikt kultur- og naturlandskap. Det er utarbeidd ein eigen analyse av landskapet på Nes med tanke på å utvida næring som reiseliv, kulturbasert næring og multifunksjonelt landbruk ( Nes, gnr. 140, bnr. 3, kulturlandskapskvaliteter og muligheter. Kandidatoppgåve, bachelor i landsskapsplanlegging 2004. Av: Thor Albertsen, Høgskulen i Sogn og Fjordane.)
Med helsing Naturvernforbundet i Kvam Kari Mostad, leiar
Kopi på epost til: Naturvernforbundet i Hordaland, hordaland@naturvern.no Fylkesmannen, miljøvernavdelinga, postmottak@fmho.no terje.aasen@fmho.no Fylkesmannen, landbruksavdelinga, odin.vigestad@fmho.no Hordaland Folkeblad, redaksjon@hf.no |