Møre og Romsdal : Naturvernforbundet og Natur og Ungdom med fellesutspel om vindkraft på Mørekysten
- utskriftsvennlig utgave
Naturvernforbundet og Natur og Ungdom med fellesutspel om vindkraft på Mørekysten
Naturvernforbundet og Natur og Ungdom har gått gjennom dei konsesjonane og dei avslaga Norges vassdrags- og energidirektorat gav til ulike vindkraftprosjekt i Møre og Romsdal tidlegare i år. Det er klaga på på nesten alle avslaga og konsesjonane. Naturvernforbundet og Natur og Ungdom har no gitt eit samla innspel til behandlinga av desse klagene i NVE og Olje- og energidepartementet. Miljøvernorganisasjonane ber olje- og energiministeren om å stå fast på dei avgjerdene NVE har tatt, sjølv om dei ønskjer nokre justeringar i grunngjevingane.


Av Naturvernforbundet i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal Natur og Ungdom
23.09.2008



Utsikt mot Haramsøya sommaren 2008.

Foto: Naturvernforbundet



Vindkraft, klima og naturmangfald

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom har lenge arbeidd for å få til utbygging av nye fornybare energikjelder som vindkraft. Vi ønskjer at vindkraft i framtida skal ha ei viktig rolle i energiforsyninga globalt. For at dette skal vere mogleg må vi planlegge utbygginga på ein måte som gjer at inngrepa ikkje blir for store.

Ei rein nasjonal vurdering viser at Noreg er nettoeksportør av fornybar kraft, og har vore dette dei fleste åra. Sjølv om fossile energikjelder står for ein stor del av energibruken også i vårt land, t.d. innan samferdsel, er effektiviseringspotensialet åleine truleg stort nok til å sikre at all energibruk i Noreg kan baserast på fornybare energikjelder. Det er heller ikkje grunn til å legge stor vekt på forsyningssituasjonen i Midt-Noreg. Det tek lang tid å få på plass større offshore kraftforsyning i vår region. Med ei gjennomføring av tiltak i tråd med Naturvernforbundet sine spareforslag frå 2007 vil situasjonen i Midt-Noreg vere tilnærma normal innan den tid.

Globalt er situasjonen ein annan. For å følgje opp råda frå klimapanelet om å redusere klimagassutsleppa med 60 - 80 prosent, samstundes som vi skal sikre 1,6 milliardar menneske som dag manglar dette tilgang til elektrisitet, vil det vere nødvendig å erstatte minst 2/3 av energibruken i verda i dag, truleg meir, med fornybar energi.

På same måte som reduksjonen av klimagassutslepp ikkje er noko kvart land kan gjennomføre åleine, bør vi ikkje rekne med at kvart enkelt land skal bli sjølvforsynt med energi. Sett i forhold til folketalet har Noreg store land- og havområde, og vil truleg bli ein viktig eksportør av fornybar kraft i framtida. Samstundes er det viktig å hugse at om Noreg har ei moralsk plikt til å sørge for at tilgangen til fornybar energi i verda aukar, så har vi ei like stor plikt for å sikre at dei naturverdiane som finst på våre land- og havområde ikkje blir forringa. Hittil har denne plikta først og fremst blitt sett på spissen når det gjeld forvaltninga av vassdragsnaturen.

Sjølv om klimaendringane bankar på døra, er det viktigaste trugsmålet mot naturmangfaldet i verda i dag nedbygging og oppstykking av samanhengande naturområde, leveområda for plantar og dyr. NVE peikar i sine avgjerder om vindkraftutbyggingar i Møre og Romsdal på at arealbruken ved utbygging av vindkraft er relativt moderat: ”Dersom det norske samfunnet ønsker å etablere vindkraftverk som kan dekke 10 prosent av dagens elektrisitetsforbruk, vil etableringen av inntil 2000 vindturbiner medføre ca.1 000 kilometer med atkomst- og internveier. Til sammenligning er det i følge Statistisk sentralbyrå siden 1991 bygd mer enn 10 000 kilometer skogsveier i Norge (bilveier og traktorveier).” Naturvernforbundet og Natur og Ungdom vil peike på at sjølv om skogvernet i Noreg treng eit kraftig løft, er det på kysten vi har nokre av våre minst utbreidde, minst verna og mest truga naturtypar, som ulike lyngheier og myrar og kulturlandskap.

Vindkraft er dessutan ein varierande energikjelde, dei fleste brukarane kan ikkje basere seg på vindkraft åleine, og vindkraftanlegga blir til vanleg lokalisert heilt andre stader enn den elkraftproduksjonen som allereie er etablert i Noreg. Ei omfattande utbygging av vindkraft vil gjennomgåande krevje meir utbygging av nettet. Dette har lokale konsekvensar i samband med det enkelte prosjekt. Dersom vindkraft skal bli ein større del av den norske energiforsyninga vil dette også bli ei utfordring på systemnivå. NVE meiner dette ikkje vil vere eit problem før meir enn ti prosent av kraftproduksjonen er vindbasert. Etter vår meining oppstår det nok fleire store konfliktar mellom omsynet om å produsere fornybar energi og å sikre naturmangfaldet før vindkrafta når eit slikt omfang.

Samla plan for vindkraft

Vindkraft er i utgangspunktet ein fornybar ressurs. Viss det blir bygd vindmøller på område med små og få konflikter, kan vindkraft gje eit nyttig bidrag til kraftproduksjonen på stader der alternativet er nye kraftliner. Naturvernforbundet har vore aktiv i arbeidet med å få på plass planar på regionalt nivå som viser kva område som t.d. er uaktuelle for vindkraft pga. ymse konfliktar. Så kan aktuelle søkjarar konsentrere seg om dei stadene der konfliktane i utgangspunktet er mindre.

Sjølv om det blir utarbeidd omfattande konsekvensutgreiingar av kvart enkelt vindkraftprosjekt i fylket vårt, er desse utgreiingane lite eigna til å belyse den samla effekten vindkraftutbygging har på kystnaturen. Det er slik med naturinngrep at sjølv om eit enkelt inngrep ikkje er så ille, så blir den samla effekten av mange inngrep svært negativ. Dette har vi sett både når det gjeld vasskraftutbygging og skogsvegutbyggingar i vårt fylke.

Det er i denne samanhengen òg viktig å få fram at same type inngrep, t.d. av ei vindkraftutbygging, av same storleik, kan ha ulik vekt avhengig av når og kvar han kjem. Dei negative konsekvensane vil ha større vekt når vi nærmar oss tolegrensa til økosystemet. Og i høve vassdrag; dei siste vassdraga vi har att er kanskje ikkje meir verdifulle miljømessig sett enn mange av dei vi allereie har bygd ut, men dei har fått ein ny kvalitet: Dei er dei siste vassdraga vi har att! Slik er det også med kystnaturen, sjølv om vi ikkje er der enda.

Dessutan er det svært uheldig at nokre utbyggjarar vil bruke ressursar på å planleggje prosjekt som er så konfliktfylte, t.d. i høve internasjonale naturvernavtalar, at det er svært urealistisk om dei har høve til å bli godkjende. Det er ofte Naturvernforbundet og Natur og Ungdom som endar opp som den som blir skulda for å vere ”mot alt”, når vi faktisk seier at det ikkje er fornuftig å rasere slike verdiar. Slik vi ser det, er det manglande overordna planlegging som har skulda for denne unødvendige ressursbruken og dei konfliktane vi ofte ser i slike saker.

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom er nøgde med haldningsendringa i NVE; direktoratet er no nøye med å framheve at dei ønskjer å behandle alle søknadene i Møre og Romsdal under eitt, og at Møre og Romsdal fylke som planstyresmakt ikkje har varsla nokon planoppstart for ein fylkesdelplan. Utbygging av fornybar energi blir ikkje mindre viktig framover, og denne utbygginga vil ha naturvernkonsekvensar som krev vurderingar ut over det som blir gjort for det enkelte prosjekt. Naturvernforbundet og Natur og Ungdom vil difor be Olje- og energidepartementet om å gi tydelege signal til NVE om å vere ein konstruktiv medspelar i dei fylka som vel å etablere fylkesdelplanar for ulike emne innan fornybar energi.

Haugshornet vindkraftverk

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom er nøgde med at NVE har avslått søknaden om utbygging av Haugshornet vindkraftanlegg. NVE nemnar sjølv omsynet til fuglelivet i området; området er leve- og hekkeområde for fleire truga fuglar. Det internasjonale ansvaret Noreg har for å sikre overlevinga til desse fuglane må vege tyngre enn dei relativt avgrensa energiressursane dette vindkraftprosjektet ville gi. Naturvernforbundet og Natur og Ungdom meiner dessutan at NVE i sitt avslag legg for liten vekt på at prosjektet gir store inngrep i det største inngrepsfrie området langs kysten av Sunnmøre. Det å sikre større samanhengande inngrepsfrie område er ei ”livsforsikring”. Desse områda kan vere viktige for artar vi i dag ikkje har skjønt betydningen av, og dei kan bli viktige for å sikre økosystem som er meir robuste i forhold til endringar, t.d. av klimaet.

Det er også verd å merke seg at Møre og Romsdal fylke varsla innsigelse mot prosjektet på bakgrunn av at det ville ha vore stor konfliktar med nasjonale miljømål. Fagutgreiinga til utbyggarane påpeikar sjølv at dei negative konsekvensane for biologisk mangfald er store. Avbøtande tiltak vil neppe kunne rette opp dette. Dette er kunnskap søkjarane, StatoilHydro og Tussa, truleg burde tatt konsekvensane av på eit tidlegare tidspunkt.

Fræna vindkraftverk

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom er nøgde med at NVE har avslått søknaden om utbygging av Fræna vindkraftverk. Vi er også nøgde med at NVE i avslaget legg avgjørande vekt på konsekvensane for fuglelivet i området. Vi er elles ikkje samde med NVE i at manglande vegar i naturområde er grunnen til at kystlynghei gror att, jf. kommentaren ”Etter NVEs vurdering er gjengroing en av de største truslene mot naturtypen kystlynghei. Tiltaket fører til utbygging av veier som kan lette arbeidet med å drive skjøtselsarbeid med den truede naturtypen kystlynghei, og eventuelt øke innslaget av denne naturtypen.”. Det vil etter vår meining vere meir nærliggande å leite etter desse grunnane i dei endringane som har skjedd i landbruket.

Havsul IV offshore vindkraftverk

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom er nøgde med at NVE har avslått søknaden om utbygging av Havsul IV offshore vindkraftverk. I avgjerda si har NVE også særleg lagt vekt på at Orskjæra er det største og viktigaste området som er foreslått verna i verneplan for hekkande sjøfugl i Møre og Romsdal, og at ei etablering av Havsul IV ville vore umogleg å kombinere med eit vern etter naturvernloven.

Det er vel verd å merke seg den dramatiske utviklinga som har vore i sjøfuglbestandane i Noreg dei siste åra. Gjennom dei siste 30 – 35 åra har sjøfuglane vore gjennom ei vanskeleg tid med svikt i hekkinga og sterk nedgang i bestandane. Situasjonen er kritisk for mange artar, I Dokument nr. 3:12 (2005-2006) skriv Riksrevisjonen m.a. ” Flere av sjøfuglbestandene er nede på et historisk lavmål, og framtidsutsiktene for dem kan bli kritisk dersom ikke næringssituasjonen bedrer seg vesentlig i løpet av få år.”. Det er viktig å sikre både trygge hekkeområde og mattilgang for å unngå at vi mistar artar heilt. Havsul IV ville vore eit heilt feil signal i ein slik samanheng. Naturvernforbundet og Natur og Ungdom meiner elles at verneplanen for hekkande sjøfugl i Møre og Romsdal bør utvidast, det er ikkje rom for å ta område ut av han.

Havsul II offshore vindkraftverk

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom er nøgde med at NVE har avslått søknaden om utbygging av Havsul II offshore vindkraftverk. Det er viktig og bra at NVE i denne saka legg avgjerande vekt på at kunnskapen om konsekvensane av offshore vindkraft, særleg i dette omfanget, på fugl er mangelfull, og at slik kunnskapsmangel må kome naturen til gode. På same måte som Havsul IV er også Havsul II i klår konflikt med mange av dei områda som bør vernast av omsyn til sjøfuglane. Vi saknar meir vekt på dette frå NVE si side; når det blir verna område av omsyn til dyr som kan flyge, er det openbart at desse vil nytte område også utanfor det arealet som er formelt verna. Bygging av vindmøller tett opp til sjøfuglreservat vil heilt klårt skade verneformålet. Naturvernforbundet og Natur og Ungdom har von om at den nye naturmangfoldloven vil gi betre vern av slike verneområde.

Kraftlinjetilknytningane

Det at søknaden til dette og dei andre vindkraftverka har fått avslag, gjør at vi ikkje bruker plass på å kommentere kraftlinjesøknadene til desse prosjekta. Det er likevel klart at det er store konfliktar knytt til desse, særleg for nettilknytninga for Havsul II.

Steinshamn offshore vindkraftverk

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom er nøgd med at NVE oppmodar utbyggarane til å avslutte planlegginga av Steinshamn offshore vindkraftverk. Sjølv om dette anlegget ligg innanfor det området som no kan få ganske tett utbygging av vindmøller (Harøya – Haramsøya – Havsul I), er det ikkje ønskjeleg med ei fortetting med dagens kunnskap om konfliktane i forhold til fugl.

NVE sine konsesjonsvedtak

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom har ikkje klaga på konsesjonen til Havsul I offshore vindkraftverk og Haram vindkraftverk. Dette tyder ikkje at det ikkje finst vektige naturvernargument mot desse prosjekta. Derimot er det mogleg å trekke ein parallell til den nærast eksplosive utbygginga av småkraftverk i Møre og Romsdal. Heller ikkje her klagar Naturvernforbundet og Natur og Ungdom på alle konsesjonar som blir gitt; utan at det betyr at vi meiner den samla effekten av dei mange utbyggingane som skjer er uviktig.

Havsul I offshore vindkraftverk

Sjølv om også Havsul I kan få store negative konsekvensar for fuglelivet, registrerer vi at søkjaren har tatt omsyn til merknadene frå Naturvernforbundet i høyringsrunden og flytta turbinar lenger vekk frå fleire av dei viktigaste fugleområda. Havsul I er også den av dei tre Havsul-anlegga som har størst avstand til område foreslått verna i sjøfuglverneplanen.

Både Naturvernforbundet og Natur og Ungdom krevde i fråsegnene våre til Havsul I at det raskt måtte etablerast ei overvåking for å dokumentere konsekvensane av offshore vindkraft (inkludert kraftlinjetilknytning) betre. I konsesjonen til Havsul I heiter det: ”Det skal gjennomføres et miljøovervåkingsprogram, herunder for temaene fugl og fisk. Programmet skal gjennomføres etter anerkjente prinsipper for før og etterundersøkelser, for eksempel slik det er nedfelt i anbefalinger utarbeidet i OSPAR-konvensjonen. Plan for overvåkingsprogram skal oversendes og godkjennes av NVE i god tid før anleggsstart slik at nødvendige førundersøkelser kan gjennomføres.”

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom vil vise til dei røynslene som er gjort med oppfølging av funn frå konsekvensutgreiingar generelt og med miljøovervåkingsprogram spesielt, frå Gardermoutbygginga (der Naturvernforbundet deltok med eit eige prosjekt) og fram til i dag. Etter vår meining bør NVE pålegge utbyggar å legge opp til ein open (gjennomsiktig) formell prosess i utforminga av eit miljøovervåkingsprogram. Dette vil seie at forslaget til miljøovervåkingsprogram blir sendt på høyring til fagmiljøa, kommunane og naturvernorganisasjonane, at overvåkingsprogrammet er tidsavgrensa og at det blir lagt stor vekt på å formidle resultata frå overvåkinga til fagmiljø og publikum, både i form av offentleg tilgjengelege rapportar og i form av seminar e.l. Det første overvåkingsprogrammet bør utarbeidast og fastsettast snøggast råd; før anleggsstart, for å sikre at før-situasjonen blir betre dokumentert.

Haram vindkraftverk

I fråsegna frå Naturvernforbundet då Haram vindkraftverk var på høyring, blei det lagt vekt på at prosjektet kunne redusere skadeverknadene på naturmangfaldet mykje med å ta utbygging på Flemsøya / Skuløya ut av planane og å redusere noko på omfanget på Haramsøya. Naturvernforbundet og Natur og Ungdom er nøgde med at dette er gjennomført i eit visst omfang. Naturvernforbundet og Natur og Ungdom er også nøgd med at det blir lagt opp til kabling av eksisterande linje for å unngå luftspenn forbi Myskja-urane natureservat.

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom er elles kritiske til NVE sin argumentasjon om at vegane til turbinane vil vere til nytte for friluftslivet. Dette er eit argument vi også ser nytta for skogsvegar, utan at det blir meir sant av den grunn. Friluftslivet i Noreg blir ikkje begrensa av at det er for få vegar som er tilgjengelege for dei som ønskjer å gå dei. Dei vegane friluftslivet har nokon glede av er alt bygd.

Vi har den oppfatninga at miljøovervåkingsprogrammet for Haram vindkraftverk burde omfatte større delar av naturmangfaldet enn berre hekkesuksessen til vandrefalken. Det er gjennomgåande for lite systematisk kunnskap om konsekvensane av vindkraft på norsk natur, og røynslene frå Smøla har lært oss at slik kunnskapsinnhenting bør starte før anlegget er etablert.

Leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal er Øystein Folden, telefon 91 81 25 42

 

Leiar i Møre og Romsdal Natur og Ungdom er Kristi Langli, telefon 91 56 09 48

 


Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen


Fråsegn frå Naturvernforbundet og Natur og Ungdom til OED og NVE (Oppsummeringsbrev_konsesjonsvedtak_oed.pdf, 61 Kb)
Haugshornet: Avslag frå NVE (Haugshornet_avslaag.pdf, 25 Kb)
Haugshornet: Grunngjevinga for avslag (Haugshornet_begrunnelse_for_avslag.pdf, 658 Kb)
Haugshornet: Klage på avslag frå StatoilHydro og Tussa (klage_Haugshornet_Statoil_Hydro_Tussa.pdf, 1932 Kb)
Haugshornet: Vedlegg til klage på avslag frå StatoilHydro og Tussa (klage_Haugshornet_Statoil_Hydro_Tussa_vedlegg.pdf, 839 Kb)
Haugshornet: Støtte til NVE - Odd Kåre Wiik (stotte_Haugshorndet_Odd_Kaare_Wiik.pdf, 10 Kb)
Haugshornet: Vedlegg til brev frå Odd Kåre Wiik (stotte_Haugshorndet_Odd_Kaare_Wiik_tillegg.JPG, 1829 Kb)
Haugshornet: Støtte til NVE - Odd W. Andersen (stotte_Haugshorndet_Odd_W_Andersen.pdf, 12 Kb)
Fræna: Avslag frå NVE (Fraena_avslagsvedtak.pdf, 20 Kb)
Fræna: Grunngjeving for avslag frå NVE (Fraena_grunngiving_for_avslag.pdf, 491 Kb)
Fråsegn frå Direktoratet for naturforvaltning til Havgul 28. juni 2006 (uttale_Havgul_DN_28_juni_2006.pdf, 425 Kb)
Havsul IV: Avslag frå NVE (Havsul_IV_Avslag.pdf, 18 Kb)
Havsul IV: Grunngjeving for avslag frå NVE (Havsul_IV_Begrunnelse_for_avslag.pdf, 401 Kb)
Havsul IV: Støtte til NVE - Hans Erik Brevik (stotte_Havsul_IV_Hans_Erik_Brevik.pdf, 10 Kb)
Havsul III Tilleggsmelding (Havsul_III_Tilleggsmelding.pdf, 3212 Kb)
Havsul III Oversiktskart (Havsul_III_Oversiktskart.jpg, 58 Kb)
Havsul III Melding (Havsul_III_Melding.pdf, 1549 Kb)
Havsul III Kart over nett (Havsul_III_Kart_over_nett.pdf, 2450 Kb)
Havsul III - regionalnett (Havsul_III_eksisterende_og_planlagt_regionalnett.jpg, 142 Kb)
Havsul III Detaljert oversiktskart (Havsul_III_Detaljert_oversiktskart.pdf, 516 Kb)
Havsul III Brev om høring av melding (Havsul_III_Brev_om_horing_av_melding.pdf, 41 Kb)
Havsul III Brev fra NVE (Havsul_III_Brev_fra_NVE.pdf, 60 Kb)
Haram krav om tilleggsutgreiing (Haram_krav_om_tilleggsutgreiing.pdf, 39 Kb)
Haram søknad (Haram_soknad.pdf, 2248 Kb)
Haram utredningsprogram (Haram_utredningsprogram.pdf, 98 Kb)
Havsul II: Avslag frå NVE (Havsul_II_Avslag.pdf, 18 Kb)
Havsul II: Grunngjeving for avslag frå NVE (Havsul_II_Begrunnelse_for_avslag.pdf, 445 Kb)
Havsul II: Klage frå Havsul II AS (klage_Havsul_II_Havsul_II.pdf, 241 Kb)
Havsul II: Vedlegg til klage frå Havsul II AS (klage_Havsul_II_Havsul_II_vedlegg.pdf, 3535 Kb)
Havsul II og Havsul IV: Støtte til NVE - Björn Olsson (klage_Havsul_II_og_IV_begrunnelse_Björn_Olsson.pdf, 275 Kb)
Havsul II: NVE sin oversendelse av klagene til Olje- og energidepartementet (NVE_innstilling_Havsul_II_desember_2008.pdf, 374 Kb)
Steinshamn: Brev frå NVE (Steinshamn_brev_til_Offshore_vindenergi_AS.pdf, 19 Kb)
Havsul I: Konsesjonsvedtak frå NVE (Havsul_I_konsesjon.pdf, 42 Kb)
Havsul I: Grunngjeving for konsesjonsvedtak frå NVE (Havsul_I_Begrunnelse.pdf, 710 Kb)
Havsul I: Kart (Havsul_I_kart.pdf, 3430 Kb)
Havsul I: Klage frå Alf Idar Småge (klage_Havsul_1_Alf_Idar_Smaage.pdf, 11 Kb)
Havsul I: Klage frå Alf Idar Småge med fleire (klage_Havsul_1_Alf_Idar_Smaage_med_flere.pdf, 153 Kb)
Havsul I: Klage frå Björn Olsson (klage_Havsul_1_Björn_Olsson_tillegg.pdf, 430 Kb)
Havsul I: Vedlegg til klage frå Björn Olsson (klage_Havsul_1_Björn_Olsson_tillegg_vedlegg.pdf, 72 Kb)
Havsul I: Klage frå NOF (klage_Havsul_1_NOF.pdf, 285 Kb)
Havsul I: Klage frå Nordmøre og Romsdal friluftsråd (klage_Havsul_1_Nordmore_og_Romsdal_friluftsraad.pdf, 391 Kb)
Havsul I: Utfyllande klage frå Nordmøre og Romsdal friluftsråd (klage_Havsul_1_Nordmore_og_Romsdal_friluftsraad_utfyllende.pdf, 526 Kb)
Havsul I: Klage frå Nyland Grendalag (klage_Havsul_1_Nyland_Grendalag.pdf, 21 Kb)
Havsul I: Klage frå Tormod Nerbø (klage_Havsul_1_Tormod_Nerbo.pdf, 36 Kb)
Havsul I: Klage frå Aksjonsgruppa mot Havsul i Sandøy kommune (klage_Havsul_I_Aksjonsgruppa_mot_Havsul_i_Sandoy_kommune.pdf, 417 Kb)
Havsul I: Utfyllende opplysninger til klagen fra NOF (Klage_utfyllende_NOF_Havsul_I_februar_2009.pdf, 67 Kb)
Utvikling på Runde 1956 - 2008 (Utvikling_paa_Runde_1956_-_2008.pdf, 2808 Kb)
Fugleliv og fugletrekk ved Ona (Fugleliv_og_fugletrekk_ved_Ona,_Sandoy,_More_og_Romsdal.pdf, 12 Kb)
Havsul 1: NVE sin oversendelse av klagene til Olje- og energidepartementet (NVE_Innstilling_OED_Havsul_I_desember_2008.pdf, 681 Kb)
Haram: Konsesjon frå NVE (Haram_konsesjon.pdf, 42 Kb)
Haram: Konsesjon frå NVE til kraftledning (Haram_konsesjon_kraftledning.pdf, 32 Kb)
Haram: Grunngjeving til konsesjon frå NVE (Haram_begrunnelse.pdf, 679 Kb)
Haram: Kart (Haram_kart.pdf, 2872 Kb)
Haram: Tilleggsutredning (Haram_tilleggsutredning.pdf, 6305 Kb)
Haram: Klage frå Barbro Eikrem (Klage_Haram_Barbro_Eikrem.pdf, 15 Kb)
Haram: Klage frå Eili Verpeide (klage_Haram_Eili_Verpeide.pdf, 13 Kb)
Haram: Klage frå Indre Åkre Bygdelag (Klage_Haram_Indre_AAkre_Bygdelag.pdf, 390 Kb)
Haram: Klage frå NOF (Klage_Haram_NOF.pdf, 286 Kb)
Haram: Klage frå Nordøy Idrettslag (Klage_Haram_Nordoy_Idrettslag.pdf, 8 Kb)
Haram og Havsul II: Klage frå Haram kommune (Klage_Haram_og_Havsul_II_Haram_kommune.pdf, 637 Kb)
Haram: Klage frå Ope Landskap (Klage_Haram_Ope_landskap.pdf, 5219 Kb)
Haram: Oversendelse av klager fra NVE til Olje- og energidepartementet (oversendelsesbrevklageHaramOED.pdf, 55 Kb)
Haram: NVE sin vurdering av innkomne klager (klagenotatHaramOED.pdf, 1105 Kb)
Miljøutfordringar for vindkraft i Norge (Miljoutfordringer_vindkraft_i_Norge.pdf, 3675 Kb)


Vindkraftutbyggingen må planlegges bedre!
At Norge har uendelig med villmark er en myte. Av de opprinnelige norske villmarksområdene er det knappe 12 prosent igjen. - Det er bit for bit-utbyggingen som ødelegger norsk natur, sier Arnodd Håpnes, fagleder naturmangfold i Norges Naturvernforbund.


Haugshornet vindpark på Sunnmøre: Tilleggssøknaden viser eit enda dårlegare prosjekt
Naturvernforbundet har gått gjennom tilleggssøknaden StatoilHydro og Tussa Energi har utarbeidd om Haugshornet vindpark. Han viser at dette er eit prosjekt som er eit direkte trugsmål mot det biologiske mangfaldet, ikkje berre på Søre Sunnmøre, men i Noreg.


Vindkraft og lokalisering
Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.


Naturvernforbundet med krav om regional plan for vindkraft
Det går no eit felles brev til miljø- og utviklingsminister Erik Solheim frå Naturvernforbunda i Møre og Romsdal, Sør Trøndelag og Nord Trøndelag. Naturvernforbundet ber om at Miljøverndepartementet grip inn og gjev pålegg om at det blir utvikla ein felles, regional plan for vindkraft og at vidare behandling av vindkraftanlegg i regionen blir stilt i bero inntil det er utvikla ein slik plan.


Havenergiseminar: Olje- og gassnæringa er ei solnedgangsnæring
- Midt-Noreg må satse på energisparing og på fornybar energiproduksjon. Å legge til rette for bruk av meir fossil energi no er ei feilinvestering vi og verda vil måtte slite med i lang tid framover, sa Øystein Solevåg i Naturvernforbundet på dagseminaret til Energiregion Møre i dag.


Utfordringer for vindkraft som miljøvennlig energikilde
Dette var tittelelen på foredraget Øystein Solevåg fra Naturvernforbundet i Møre og Romsdal holdt på Vindkraftkonferansen i Kristiansund 28. oktober 2007.


Stopp Fræna havørnhakkematlaboratorium!
- Det er utidig oppførsel av Statkraft Development å sende ein ny søknad om utbygging av Fræna vindpark. Dette er berre eigna til å hefte bort både den eine og den andre med å skrive fråsegner og anna arbeid for å stoppe galskapen. Naturvernforbundet er svært negative til planane.


Naturvernforbundet om fylkesvise planar for vindkraft: Godt forslag frå regjeringa
- Naturvernforbundet meiner det er nødvendig med vidare utvikling av fornybare energikjelder, men det må stillast same strenge krav til natur- og miljøhensyn i slike saker som i andre utbyggingssaker, seier leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. - Det at Møre og Romsdal fylke før jul vedtok å ikkje lage fylkesdelplan for vindkraft viser berre at alle festtalane om einskapsfylket som regional utviklingsaktør er tomprat.


Naturvernforbundet seier førebels nei til Havsul
Naturvernforbundet ser på konsekvensutgreiinga for Havsul I, II og IV som klarleggande: Manglande samla plan for vindmølleutbygging og manglande forsking på verknader på fugl gjer at utbygging ikkje kan finne stad. Forsking kan føre til at utbygging på eit seinare tidspunkt kanskje kan vere mogleg, tilpassa resultat av ny forsking, men denne moglegheita vil bli øydelagt om det blir bygd ut no.


Sjøfuglane stopper vindmøller
Naturvernsaken står sterkare enn på mange år i fylket vårt. Det merkar vi i Naturvernforbundet, og det merkar vi på dei mange som organiserer seg i ulike lokale grupper knytt til vindkraft langs Mørekysten. Utgangspunktet er litt forskjellig, men det er veldig bra at engasjementet for kystnaturen no er så høg. I desse dagar er nemleg eit framlegg til verneplan for sjøfugl på høyring.


- Sjøfuglvern må omfatte områder i sjøen
Forslag til verneplan i Møre og Romsdal fylke for hekkende sjøfugl er ute på høring. - Et selvfølgelig krav er at verneplanen omfatter nærliggende sjøareal til hekkeplassene. Videre må det ikke åpnes for taretråling i verneområdene, sier generalsekretær Tore Killingland i Norges Naturvernforbund.


Naturvernforbundet om Haram vindkraftverk: Utgreiingane held ikkje mål!
Naturvernforbundet har sett på søknaden om konsesjon for Haram vindkraftverk på Flemsøya og Haramsøya. To av alternativa er uansett uakseptable, meiner Naturvernforbundet. Det siste alternativet er ikkje godt nok utgreidd til at det er mogleg å ta stilling til det.


Uttale til Steinshamn vindpark
Naturvernforbundet ønskjer å få utgreidd ei rekke forhold i samband med den planlagde Steinshamn vindpark i Sandøy.


Natur og Ungdom om vindkraft


Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, v/Øystein Folden, 6630 TINGVOLL
Epost moreromsdal@naturvern.no