english

Søk


Du er her:

Foto: Kraftnytt

Foto: Kraftnytt.

Vindkraft

Kampen mot klimaendringane krev auka produksjon av fornybar energi, også vindkraft, for å redusere bruken av fossil energi. Samstundes er dei mange vindkraftanlegga og mindre vasskraftverka som i dag vert planlagde, i sum ein trussel mot naturrikdomen. Vindkraft på land må først og fremst bli lokalisert til område der det allereie er store inngrep og til kulturlandskapet, ikkje til urøyrde og viktige naturområde.

Eit vindkraftanlegg  representerer eit stort inngrep. Anlegga kan i mange høve ha negativ påverking på fugleliv, andre dyreartar og reindrift. Utbyggingane krev oftast eit omfattande vegnett som stykkar opp og drenerer området, stor aktivitet under drift og vedlikehald av anlegget og virkninga frå nødvendige kraftliner.

Kampen mot klimaendringane krev at me så snart som mogeleg fasar ut all bruk av fossil energi. Noreg har ressursane som skal til for å gjera ein stor innsats på dette området.

Potensialet for å frigjera energi gjennom energieffektivisering er stort. Saman med utvida bruk av spillvarme, bioenergi, geovarme med meir vil dette langt på veg kunne erstatte dagens bruk av fossil energi. Samstundes må det vera ei målsetting at Noreg, med sine store vindressursar, særleg til havs, kan bidra internasjonalt med fornybar energi til erstatning for fossilt brensle. I mange havområde langt frå kysten kan utbygging av vindkraft skje med mindre miljøkonsekvensar enn på land, mellom anna basert på kunnskap om trekkruter for fugl over havområde.  Teknologi for å starte slik utbygging er allereie på plass for utbygging på grunne havområde med fastståande installasjonar. Noregs Naturvernforbund krev  difor  at det blir sett inn store ressursar på miljøvennleg utbygging av vindkraft til havs.

For å sjå tiltaka i samanhang,  krev Norges Naturvernforbund  at det blir laga ein plan for framtidig energiforsyning i Noreg og for det bidraget Noreg kan gje til internasjonal fornybar energiforsyning utan at det vert gjort uoppretteleg skade på naturmangfaldet.  Ein nasjonal plan for vindkraftutbygging på landterritoriet og dei havområda der Noreg har eksklusive rettar, må inngå som ein del av dette.

Artikkelen ble sist oppdatert: 22.07.2010

  • CIMG0079

    Vindmølle- eller kystnasjonalpark?

    I Storheia på Fosenhalvøya i Trøndelag har NVE anbefalt å gi konsesjon til bygging av inntil 85 svære vindmøller, omlag 70 km med tilførselsveier og store traseer for overføringslinjer . Naturvernforbundet vil ha nasjonalpark. Les hvorfor.

Hovedsider om:

Kontaktpersoner

        Norges Naturvernforbund, Grensen 9b, 0159 Oslo
Tel:+47 23 10 96 10. Faks: 23 10 96 11
E-post:
Kontakt I Støtt oss I Bli medlem