Du er her:

Det er på tide å sei stopp for denne miljøskadelege praksisen, og arrangement som dette i Kvalsund i helga er med på å løfte fram det store folkelege engasjementet i fjordsakene.

Det er på tide å sei stopp for denne miljøskadelege praksisen, og arrangement som dette i Kvalsund i helga er med på å løfte fram det store folkelege engasjementet i fjordsakene, skriv Jorunnn Vallestad.

Innlegg:

Folkefest for fjorden

Motstanden mot gruveplanane er stor, og synes berre å bli større og større, og det med god grunn. Førre helg så eg konturane av ein allianse som kan stoppe Nussirs planar om å sleppe miljøgifter ut i Repparfjord i Finnmark.

Jorunn Vallestad
Jorunn Vallestad. Fotograf: Naturvernforbundet hordaland
Jorunn Vallestad, fagrådiver i Naturvernforbundet 

Det er ikkje berre berre med folkefest i Kvalsund når flyet som skal lande i Alta endar opp i Tromsø, når turguidar uteblir og du skal ta deg av ein gjeng med russarar som ikkje snakkar engelsk. Men kva gjere vel det? I ekte Nord-norsk ånd er det berre å senke skuldrane. Folk kjem når dei kjem og alt går bra til slutt. Her er det saka som står i fokus, og den er viktig.

Gruveselskapet Nussir ASA ynkjer å starte kobbergruve i den vesle bygda Kvalsund, og har søkt om å dumpe enorme mengder gruveavfall i den Nasjonale laksefjorden Repparfjord, nærare bestemt 30 millionar tonn, eller 17 lastebillass kvar dag, kvar time i minst 20 år. 

Naturvernforbundet har mange allierte i synet på at dette er fullstendig riv ruskande gal utvikling. Det kom tydeleg fram i løpet av denne helga. «Reine fjorder kan ikkje kjøpes. Derfor bør dæm heller aldri vær til salgs!" var bodskapen frå Kirsti Bergstø frå SV.  "Om Nussir får signal te å dumpe gruveavfall i fjorden, ska vi ikke gjøre det lett for dem å gjøre nettopp det" sa  NU-leiar Arnstein Vestre i sin appell. Med seg til Kvalsund hadde han eit 50-talls ungdommar som er villige til å bryte loven for å hindre at Repparfjorden blir avfallsplass.

Engasjementet i ein fullstappa sal var stort, og det mangla ikkje på verken gullkorn, appellantar eller artistar i Kvalsund denne helga. Mari Boine skapte saman med Marion Palmer ein magisk stemning fredag kveld. Både musikk og engasjement viste seg å være eit universelt språk som også dei langvegsfarande gjestane frå Kola Environmental Centre i Russland forsto. Dei samarbeidar med Naturvernforbundet i eit prosjekt for å sette fokus på gruveproblematikk i Barentsregionen, og hadde tatt den lange vegen frå Murmansk og Kandalaksja for å støtte opp om kampen for Repparfjorden.

Annie Henriksen, leder av Naturvernforbundet Vestfinnmark takker Mari Boine, Marion Palmer, Irene Persen og Nomzi Kumalo for ein flott konsert fredag kveld
Annie Henriksen, leder av Naturvernforbundet Vestfinnmark takker Mari Boine, Marion Palmer, Irene Persen og Nomzi Kumalo for ein flott konsert fredag kveld

Motstanden mot gruveplanane er stor, og synes berre å bli større og større, og det med god grunn. Dersom regjeringa gir løyve til å dumpe avfallet frå gruveindustrien i fjordane plasserer den miljønasjonen Noreg på jumboplass internasjonalt. Der store gruvenasjonar jobbar for usynleg gruvedrift og null-avfall frå gruveindustrien blir det feil utvikling å opne opp for endå fleire dumpingplassar i norske fjordar.

Det er på tide å sei stopp for denne miljøskadelege praksisen, og arrangement som dette i Kvalsund i helga er med på å løfte fram det store folkelege engasjementet i fjordsakene.

Søndag formiddag vart festivalhelga avslutta med ein tur til dei gamle dagbrota frå tidlegare gruvedrift på Ulveryggen, som framleis ligg som opne sår i landskapet. Sjølv om ny gruvedrift er søkt om som underjordsdrift var bekymringa stor omkring naturinngrepa, då spesielt i fjorden der gruveselskapet ynskjer å dumpe avfallet.  Meldinga til Nussir direktør Øysten Rushfelt som også var med på turen var klar. «Skal gruvedrifta kunne ha nokon framtid her, MÅ du finne alternativ til å dumpe avfallet i sjøen. Og då snakkar vi ikkje om landdeponi, då snakkar vi om alternativ bruk av massen og tilbakefylling i gruvegangane av det som ikkje kan bli brukt.»

Image