Du er her:

Innlegg:

Mange gode alternativ til fjorddeponi!

Norsk Bergindustri får det til å verke som fjorddeponi er ein føresetnad for å kunne utvinne mineral i Noreg. Dei spør kva alternativa er, og det er eit spørsmål vi med glede svarar på.

Image

Jorunn Vallestad - fagrådgiver i Naturvernforbundet 

Må ein dumpe gruveavfall i sjøen for å kunne drive med mineralutvinning? Svaret er utvilsamt nei. Det at vi er eit av berre fire land i verda som dumpar gruveavfall i sjø er i seg sjølv ein klar indikasjon på at det finst alternativ. India har eit mål om gruver utan avfall. Noreg burde ikkje vere dårlegare. Mineral er ikkje-fornybare ressursar, og det er viktig at mest mogleg av det som blir tatt ut blir utnytta. Overskotsmasse frå gruvedrift må bli sett på som ein ressurs, ikkje som avfall.

I tillegg til det mineralet som gruveselskapet ynskjer å utvinne, må det vurderast om det er andre mineral som også kan utnyttast. Etter at dei mest verdifulle minerala er skilt ut, sit ein igjen med meir eller mindre finknust stein og grus som kan brukast som fyllmasse til vegar, flyplassar og liknande, til betong og mursteinproduksjon, som jordforbetringsmiddel eller til keramiske produkt. Det er først når denne massen hamnar der den ikkje høyrer heime, som til dømes i ein fiskerik fjord, at den blir til avfall som kan skade miljøet.

To eksisterande norske gruver kan brukast som eksempel. Avgangen frå ei gruve på Stjernøy i Finnmark er Debio‐godkjend som kaliumgjødning i økologisk landbruk, og kan dekke halvparten av landets behov for kaliumgjødning. Avgangen frå Hustadmarmor på Møre kan dekke heile landsbehovet for landbrukskalk. Begge stadar går avgangen no rett i sjøen som avfall. Det som kunne vore verdifull gjødsel på land, blir alvorleg forureining i havet.

Den massen som ein sit att med etter god ressursutnytting og alternativ bruk, bør leggjast tilbake i gruvegangane under drift, såkalla tilbakefylling i gruvene eller indre deponi. Den norske mineralstrategien krev at tilbakefylling alltid skal bli vurdert. Dette må bli følgt opp i praksis av miljøstyresmaktene, og det må bli sett krav om dette der det er miljømessig forsvarleg.

Internasjonalt er det mange godt utvikla teknikkar for tilbakefylling, som blir sett på som beste miljømessige praksis. Rundt 50 prosent av massen kan vanlegvis førast tilbake i gruvegangane, noko som tyder at det ofte ikkje er behov for ytre deponi.

Grunnen til at overskotsmassen i dag blir dumpa enten i sjø eller i store landdeponi, er at dette er den enklaste og billegaste løysinga. Det vi treng er insentiv som gjer det lønnsamt å bruke overskotsmassen og føre resterande masse tilbake i gruvene.

Vender vi blikket ut i verda, finst det gode løysingar også på dette. I Storbritannia har ein avgifter på bruk av «jomfrueleg» grus, pukk og sand, noko som gjer det lønnsamt å bruke overskotsmasse frå gruver i staden for å etablere eigne grusuttak. I Polen har ein avgift på deponering av masse, noko som gjer alternativ bruk og tilbakefylling meir lønnsamt. Også i Noreg må det vere ein sentral målsetning å etablere eit økonomisk og juridisk rammeverk som sikrar alternativ bruk av gruveavgang.

Naturvernforbundet er einig med Norsk Bergindustri i at verda treng mineral, men ikkje i uavgrensa mengder og ikkje til ein kvar pris. Ein må i kvar enkelt sak vurdere det reelle behovet for mineralet. Det at det er etterspurnad etter rutil til bruk i maling i marknaden, er for eksempel ikkje det same som at det er eit reelt behov i samfunnet. Det tyder heller ikkje at behovet for desse varene er større enn andre behov, som til dømes å bevare artsmangfald og fiskeressursar. Det må settast gode miljømessige rammevilkår som inkluderer underjordsdrift, alternativ bruk av overskotsmasse og tilbakefylling av restmassen.

Om gruvedrift ikkje er lønnsamt under desse føresetnadane, så må ein berre vente til den blir det. Minerala forsvinn ikkje, og dersom behovet er så stort som næringa hevdar, vil prisane truleg berre stige. Vi kan ikkje ha ei forvaltning som gjere gruvedrift lønnsamt ved å sende rekninga til fiskeri, turistnæring og framtidas generasjonar.