Garbergelva
Ved opprettinga av nasjonalparken Skarvan-Roltdalen vart deler av Garbergelva verna. Men nedre delar av vassdraget står framleis utan beskyttelse, og er no trua av kraftutbygging.
Garbergelva i Sør-Trøndelag består av eit nedbørfelt som dekker to naturgeografiske regionar og tre landskapsregionar.
Viktige verdiar
Størstedelen av området er urørt, medan nedre del består av kulturlandskap og jordbruk. Vassdraget har svært stor verdi for biologisk mangfald, særlig artar knytt til myr og våtmark.
|
Les mer:
NRK Trøndelag (31.7.2008): |
Både samiske verdiar, kulturminne frå kvernsteinproduksjon og vasstilknytta anlegg gir Garbergelva stor verdi for kulturmiljø. Vidare har Garbergelva og verdi for geologisk mangfald og friluftsliv.
Garbergelva i verneplanene
I Verneplan IV (fra 1993) gikk Verneplanutvalet inn for vern, men departementet ønskte å sjå vassdraget i samanheng med nasjonalparkplanar. Men ved opprettinga av nasjonalparken Skarvan-Roltdalen i 2004 inngjekk ikkje nedre delar av vassdraget.
Ved Supplering av verneplan for vassdrag (i 2005) gikk både Fylkesmannen, Fylkeslandbruksstyret og styringsgruppa for supplering av verneplanen inn for vern. Styringsgruppa la særlig vekt på heilskap. Heller ikkje denne gongen vart dei nedre delane av vassdraget verna, og det er fritt fram for kraftutbygging her.

