english

Søk



Foto: Naturvernforbundet


Foto: Naturvernforbundet

Gjengedalsvassdraget

Saman med Nausta utgjer Gjengedalsvassdraget eit større, samanhengande natur- og friluftsområde i Sogn og Fjordane, som delvis går inn i eit landskapsvernomåde. Men for begge vassdraga gjeld dette ikkje nedre delar

Delar av Gjengedalsvassdragets verneverdi er ikkje sikra gjennom landskapsvernet fra 2009.

Ikkje omsyn til heilskap

Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) har for andre vassdrag trekt fram heilskap som eit viktig kriterium for vernet; det bør også gjelde for Gjengedalsvassdraget. Konkrete kraftprosjekt i nedre del av elva vil bli realisert dersom det ikkje blir vassdragsvern.

Les mer:

NRK Sogn og Fjordane (18.3.2009):
Postkort for vern - Naturvernforbundet vil verne Gjengedalsvassdraget.

Ved supplering av verneplan for vassdrag gikk styringsgruppa inn for vern av både Nausta og Gjengedalsvassdraget med referanse til mye urørt natur, stor biologisk og landskapsmessig verdi og mye friluftslivsbruk.

Gjengedalsvassdraget er eit av dei mest verneverdige vassdraga i fylket som ikkje er sikra gjennom vern. Likevel gikk Miljøverndepartementet mot vern i 2005.

Trua av vasskraftprosjekt

Eit vasskraftprosjekt i ei sideelv til Gjengedalsvassdraget vart konsesjonssøkt raskt etter at verneplanen var avgjort, og fekk konsesjon få månader etter stortingsvedtaket. Kraftverket er no i drift. Sidan har ytterligare eit prosjekt fått konsesjon, medan det er søkt om eit tredje prosjekt.

Sistnemnte prosjekt vil føre til tørrlegging av over 2 km med elv, bygging av skogs/anleggsveg via skogen og opp på fjellet og negative effektar for biologisk mangfald og landskap. Prosjektet vil og redusere det største området med inngrepsfri natur i Sogn og Fjordane. Det haster dermed med å få verna nedre del.

          Naturvernforbundet, Grensen 9b, 0159 Oslo
Tel:+47 23 10 96 10. Faks: 23 10 96 11
E-post:
Kontakt I Støtt oss I Bli medlem