Søk


Du er her:

Rundt 50 oppmøtte og god stemning på Naturlig onsdag 4. januar.

Rundt 50 oppmøtte og god stemning på Naturlig onsdag 4. januar. Foto: Laila Borge

Naturlig onsdag 4. januar – Klimaforhandlingane og togradersmålet

Naturvernforbundet starta nyåret friskt, med første Naturlig onsdag allereie 4. januar. Klimaforhandlingane og togradersmålet stod på agendaen, og det var fullt hus som venta på dei to inviterte ekspertane, Helge Drange og Bård Lahn.

Professor og klimaforskar Helge Drange starta kvelden med å vise korleis årleg gjennomsnittstemperatur har auka med 0,8 grader dei siste 100 åra, og korleis vi kan forvente at den fortsetter å stige med mellom 5 og 10 grader dei neste hundre åra, dersom vi ikkje gjere noko for å redusere klimagassutsleppa. For å hindre farlige klimaendringar er det eit politisk mål om at jordas temperatur ikkje skal stige meir enn 2 grader i forhold til førindustriell tid. Helge Drange kunne fortelje at viss vi byrjarr å kutte i dag  må dei globale utsleppa ned med 4% per år for å nå dette målet. Dessverre er det foreløpig det motsette som skjer. Mellom 2000 og 2011 har dei globale utsleppe auka med 3% per år.

Image
Fotograf: Laila Borge

Klimaforhandlingane – øving i å tenke lokalt og handle verbalt

Det er tydeleg at dei politiske måla og handlingane spriker kraftig, og det er nettopp å  tette dette gapet dei internasjonale klimaforhandlingane skal handle om. Klimarådgjevar Bård Lahn kunne derimot fortelje at det ikkje var dette som føregjekk i Durban i desember. Målet med dette klimatoppmøtet var å forhandle ferdig ein avtale som skulle gjelde frå Kyotoprotokollen utløper i 2012, og fram til 2020. Dette vart tydelegvis for vanskeleg. I staden vart resultatet ei plattform som handlar om kva for avtale vi skal ha etter 2020.

Konsekvensane av å utsette ein avtale er store. Helge Drange fortalte at viss vi ventar til 2020 før vi startar å kutte må vi redusere dei globale klimagassutsleppa med 9% per år, og nå globale 0-utslepp i 2040. Dette vil vere bortimot umogleg å gjennomføre. Eit av hovudproblema er at klimaendringane skjer raskt målt i menneskelege generasjonar, men målt i politiske prosesser og valperiodar på 4 år skjer dei veldig sakte. Perioden etter 2020 er mykje lettare for politikarane å snakke om, for då er det ikkje lenger dei som treng å gjere noko med problemet.

 

Store konfliktar mellom nord og sør

Ein annan viktig grunn til at det er vanskeleg å få på plass bindande utsleppskutt for perioden mellom 2012 og 2020 er dei to fundamentalt forskjellige måtane å sjå utviklinga på i u-land og i-land. Bård Lahn fortalte at fattige land viser til dei historiske utsleppa for dei siste 100 åra, der det er tydeleg at dei rike landa har stått for ca ¾ av klimagassutsleppa. Dei meinar derfor at det er den rike del av verda som har hovudansvaret for å rydde opp.  I-landa brukar derimot grafar som ikkje går like langt tilbake i tid, men derimot viser framtida, der utsleppa i den rike delen av verda forventar å stabilisere seg, medan utviklingslanda forventar å auke sine utslepp. Dei meinar derfor at også fattige land må ta på seg bindande utsleppskutt.

Image
Fotograf: Laila Borge

Konkrete resultat av klimatoppmøtet i Durban

Trass i vanskelege konfliktar og dystre tall vart det einigheit rundt nokre viktige punkt i Durbanplattforma:

  • Mandat for å forhandle fram protokoll eller annan avtale ”med juridisk kraft” innan 2015, skal gjelde for perioden etter 2020
  • Vidareføring av Kyoto-avtalen etter 2012
    – men endeleg vedtak utsett til neste år
  • Oppretting av Det grøne klimafondet
    – men foreløpig ingen pengar
  • Erkjenning av at utsleppskutta er for små
    – men ingen klar prosess for å auke dei

 

Uttsleppskutt opp til kvart enkelt land

Bård Lahn sin oppsummering av klimatoppmøtet i Durban viste tydeleg at vi ikkje lenger kan forvente at internasjonale forhandlingar skal løyse klimaproblemet. Internasjonale avtalar er viktige, men auka ambisjonar på nasjonalt og lokalt nivå er minst like viktige. Skal det skje noko dei neste 10 åra må det komme frå nasjonal og lokal politikk. Bård Lahn var klar i trua på at dette er mogleg, og at det skjer. Kina har allereie vedtatt konkrete tiltak som vil overoppfylle måla dei har satt seg fram mot 2020. Det vi må jobbe for no er at også dei norske klimamåla blir innfridd og at det blir satt tøffare mål fram mot 2020. Her kan miljøorganisasjonar som Naturvernforbundet vere med å hjelpe til, og det gode oppmøtet på slike arrangement som dette lovar bra med tanke på folkeleg press.

Kalender

August 2014
Ma Ti On To Fr
    1 2 3
456 7 8 9 10
11121314 15 16 17
181920 21 22 23 24
252627 28 29 30 31
       

Naturvernforbundet Bergen og Hordaland, Postboks 1201 Sentrum, 5811 Bergen Besøk: Bryggen 23, Jacobsfjorden 3. etasje på Bryggen i Bergen Tel: 55 30 06 60 Fax: 55 30 06 50 E-post:  Videotelefon:

Naturvernforbundet nasjonalt: Grensen 9 B, 3. etasje, 0159 Oslo fax: 23 10 96 10 fax: 23 10 96 11 web:naturvernforbundet.no Videotelefon:

Friends of the Earth International, Box 19199, 1000 gd Amsterdam, The Netherlands tel: + 31 20 622 1369. fax: + 31 20 639 2181 web: foei.org/