Søk


Du er her:

Naturvernet tapar i Hardanger

Når regjeringa går inn for å byggja ei naturøydeleggjande kraftlinje i Hardanger, er det pengemakta som får det avgjerande ordet i ein strid om naturverdiane. Å ta vare på det norske fjordlandskapet som har nasjonal og internasjonal verdi, vert gjort om til eit privatøkonomisk problem for folk i eit avgrensa område.

Av: Oddvar Soldal, leiar i Naturvernforbundet i Kvam

Naturvernforbundet i Kvam som har arbeidd mot luftlinja i nær seks år, ser på regjeringa sitt vedtak som eit åtak på det klassiske naturvernet. I regjeringa sitt reknestykke vert ikkje naturen sin eigen verdi verdsett, dermed vert det også umogeleg å setja ein pengeverdi på forringinga av naturen. Det som kjem fram, er berre meirkostnaden for privatpersonar og industri for å ta naturomsyn.

Dei uavhengige ekspertutvala viste at det var stor trong for ein kritisk gjennomgang av Statnett, NVE og OED sitt arbeid. Denne gjennomgangen burde vore gjort tidlegare. For fire år sidan, i byrjinga av februar 2007, skipa Folkeaksjonen for sjøkabel til ein stor konferanse om linja og alternativ til linja i Øystese. Sjøkabel var det viktigaste temaet, oppgradering av eksisterande nett, energisparing og økonomisering var også teke opp på breitt grunnlag. Alt då kunne Statnett og NVE gripe sjansen og teke det med i sine utgreiingar. Men det vart vist til at det var søkt om luftlinje og det var den skulle diskuterast. Det måtte tre og eit halvt år aksjonsarbeid til før det vart letta på skylappane:  I august 2010 vart dei fire utvala vart sett ned for å vurdera sjøkabel som svar på ein massiv klage på vedtaket om å gje konsesjon til luftlinja. Hadde alternativa vorte utgreidd tidlegare og konklusjonane om at situasjonen ikkje var så kritisk kome før, kunne utfallet vorte annleis. Det er tydeleg at det har gått meir og meir prestisje i saka.

Derfor er det viktig at regjeringa tek lærdom og brukar andre planleggingsprosedyrar. For andre store naturinngrep som vegar må planar som kostar meir enn ein halv milliard kroner, kvalitetssikrast av uavhengige ekspertar. Då skal alle alternativ, også det å ikkje byggja vegen vurderast.

Når olje- og  energiministeren seier at det ikkje kom fram nye vesentlege moment i ekspertutgreiingane, er det fyrst og fremst ei politisk vurdering. Dei faglege vurderingane i rapportane har støtta motstandarane på mange punkt, mellom anna når det gjeld kraftforsyninga til Bergen og at det er mogeleg å leggja sjøkabel. Av ein eller annan grunn har dei oppnemnde ekspertane ikkje uttalt seg etter at rapportane vart framlagt. Dei var ikkje ein gong med på ”høyringa” i Bergen 10. februar.

Kalender

Mai 2012
Ma Ti On To Fr
 12 3456
7 8910 111213
14151617181920
212223242526 27
28293031   
       

Naturvernforbundet Bergen og Hordaland, Postboks 1201 Sentrum, 5811 Bergen Besøk: Bryggen 23, Jacobsfjorden 3. etasje på Bryggen i Bergen Tel: 55 30 06 60 Fax: 55 30 06 50 E-post:  Videotelefon: .com

Naturvernforbundet nasjonalt: Grensen 9 B, 3. etasje, 0159 Oslo fax: 23 10 96 10 fax: 23 10 96 11 web:naturvernforbundet.no

Friends of the Earth International, Box 19199, 1000 gd Amsterdam, The Netherlands tel: + 31 20 622 1369. fax: + 31 20 639 2181 web: foei.org/