Søk


Du er her:

Naturvernforbundet inviterer til arrangement på Villblomstens dag

Tid: 19.06.2011 kl. 13:00-16:00

Sted: Oppmøtestad mellom Tveekrem og Treekrem, ca. 300 meter aust for Eikremstunnelen som er under bygging

Søndag 19. juni er Villblomstens dag. Tradisjonen tru arrangerer Norsk Botanisk Forening og Naturvernforbundet til eit arrangement i Tingvoll.

Tema i år blir ein blanding av strandvegetasjon og edellauvskog. Vi kjem til å gå mest langs småvegar og stiar, men det blir også litt terreng. Er det opphaldsver, blir det ein stopp for å ete niste, så ta med noko å ete og drikke. Ta gjerne med ein blyant, så kan du krysse av i eit lite hefte som du får utdelt. Arrangementet er gratis og passer for små og store.

Turen er rekna å vare i kring 3 timar. Turleiar blir Øystein Folden.

Arrangør:
Norsk Botanisk Forening i samarbeid med Naturvernforbundet i Tingvoll.

1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11
Viser fra 1 til 8 av totalt 500 artikler

Kontaktinformasjon; Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, v/Øystein Folden, 6630 TINGVOLL. E- post