01.12.2011:
Hovudutfordringa for samferdselssektoren er å redusere «det økologiske fotavtrykket» sitt gjennom meir effektiv transport, nullutsleppsstrategiar og by- og tettstadsutvikling der sykkel- og kollektivtransport får førsteprioritet. Dette skriv Naturvernforbundet i Møre og Romsdal i fråsegna si til den regionale transportplanen for Midt-Noreg.
01.11.2011:
Naturvernforbundet har gitt fråsegn til planane om utbygging av Herredsdalselva kraftverk i Tingvoll. Naturvernforbundet går mot regulering av Herredsdalsvatnet, og har også mange kritiske merknader til kraftverk i Herredsdalselva. I fråsegna peikar Naturvernforbundet på at Tingvoll kommune snart ikkje har vassdrag att utan vesentlege reguleringar eller andre inngrep.
15.08.2011:
Mange trur Naturvernforbundet er mot alle skogsvegar. Dei spør difor korleis Naturvernforbundet vil få ut all den uønska grana i fylket. Eit godt døme på synspunkta til Naturvernforbundet er ei fråsegn frå Naturvernforbundet i Tingvoll til ein planlagd skogsveg i Tingvoll.
09.06.2011:
Naturvernforbundet i Vestnes har gitt uttalelse til søknaden fra Ura Pilanlegg om etablering og drift av et anlegg for behandling av avløpsslam og matavfall. Lokallanget er negative til anlegget.
09.06.2011:
Samarbeidsrådet for naturvernsaker (SRN), et samarbeidsorgan mellom Den Norske Turistforening, Naturvernforbundet, Norges Jeger- og Fiskerforbund og WWF Norge, understreker i sin siste uttalelse til "monsterlinja" at det er svært uheldig at ikke andre aktuelle og mye bedre helhetlige løsninger er blitt utredet og vurdert på et tidligere tidspunkt. De nye omsøkte trasé-alternativene dreier seg i hovedsak om å flytte stor skade fra et område til et annet.
21.05.2011:
Skodje kommune har til behandling ein skogsvegsak i Murvika. Naturvernforbundet i Møre og Romsdal er i ei fråsegn svært kritiske til planane, og varslar klage dersom kommunen godkjenner vegen.
21.05.2011:
Naturvernforbundet meiner Skårasalvegen legg opp til ei passiv form for turisme som høyrer fortida til. Dette kjem fram i ei fråsegn Naturvernforbundet i Ørsta og Volda har sendt til AG Plan og Arkitektur AS i Ørsta.
21.05.2011:
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har gitt fråsegn om viktige naturverdiar i samband med planane om ei småbåthamn på Finnøya i Sandøy kommune.
Kontaktinformasjon; Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, v/Øystein Folden, 6630 TINGVOLL. E- post