Søk


Du er her:

Aurstadfossen i Møre og Romsdal

Aurstadfossen i Møre og Romsdal. Foto: Naturvernforbundet

Vasskraft

Sjølv om vasskraft i utgangspunktet er fornybar kraft, er Naturvernforbundet uroa over omfanget av planlagd kraftutbygging i Noreg.

Talet på søknader om utbyggingar av småkraft er så mange at blir vanskeleg å sikre ei god behandling av dei. Søkjarane klarar ofte ikkje (eller vil ikkje) finne dei naturverdiane som kan gå tapt ved ei utbygging. Dessutan manglar det overordna vurderingar av kraftutbygging; sjølv om eit enkelt kraftverk ikkje gir varig tap av ein art eller ein naturtype, kan summen av mange mange små utbyggingar gjere det.

  • P8030956

    05.01.2011:

    Ikkje bygg ut Sandvikelva i Nesset!

    Norges vassdrags - og energidirektorat (NVE) har lagt ut søknad fra HydroPlan AS om bygging av Indre Bogge kraftverk til offentlig ettersyn. Naturvernforbundet har i fråsegna si ikkje vesentlege innvendingar til omsøkte tiltak viss ein sløyfer overføring av Sandvikelva, men meiner det må setjast krav om ei høgare minstevassføring enn det som er omsøkt..

  • 09.09.2010:

    Manglande kraft?

    Manglande kraft?

    Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

  • 20.08.2010:

    Vermasaka - kva er eigentleg kjernen i denne?

    Vermasaka - kva er eigentleg kjernen i denne?

    I dette innlegget, som er ei orientering til deltakarane på ei synfaring i vassdraget 25. august 2010, gjør fylkesleiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i korte trekk greie for kvifor Naturvernforbundet har engasjert seg i Rauma Energi sine planar om ei utbygging av Vermavassdraget.

  • 20.07.2010:

    Naturvernforbundet klagar på småkraftkonsesjonar i verna vassdrag i Volda

    Naturvernforbundet klagar på småkraftkonsesjonar i verna vassdrag i Volda

    Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gitt konsesjon til utbygging av både Øygardselva og Laurdalselva i Bjørkedalen i Volda, til tross for sterke protestar frå Naturvernforbundet. No blir konsesjonane klaga inn til Olje- og energidepartementet. Naturvernforbundet er kritiske til at NVE overser store naturverdiar og det at kraftverka er føreslegne i det verna Stigedalsvassdraget.

  • 13.07.2010:

    - No bør NVE sette ein stoppar for dette uverdige spelet

    - No bør NVE sette ein stoppar for dette uverdige spelet

    NVE har vore klar i si tale før i denne saka då Rauma Energi As sine tiltak i retning Storhaugenalternativet har vore avvist tidlegare. Naturvernforbundet dokumenterer i sin siste gjennomgang igjen at Rauma Energi sine planar for utbygging av Verma er uakseptable.

  • 01.07.2010:

    Hemmeleghaldet i Verma-saka held fram: Naturvernforbundet krev meir dokumentasjon frå Rauma Energi

    Hemmeleghaldet i Verma-saka held fram: Naturvernforbundet krev meir dokumentasjon frå Rauma Energi

    Naturvernforbundet ber Klagenemnda for miljøinformasjon om å krevje at Rauma Energi legg fram meir dokumentasjon om forskjellane på den utbygginga selskapet sjølv har søkt om, og det utbyggingsforslaget Naturvernforbundet har lansert som eit kompromiss.

  • 24.06.2010:

    Utestengd frå synfaring: Naturvernforbundet nektar å gi seg

    Utestengd frå synfaring: Naturvernforbundet nektar å gi seg

    Tysdag 29. juni har Rauma Energi AS invitert generalforsamlinga på synfaring. Rauma Energi nektar å ta med Naturvernforbundet på synfaringa. Kanskje dei er redde for at feilinformasjonen deira skal bli avslørt?

  • 20.05.2010:

    Naturvernforbundet er lei av hemmeleghald: Rauma Energi må svare Klagenemnda for miljøinformasjon

    Naturvernforbundet er lei av hemmeleghald: Rauma Energi må svare Klagenemnda for miljøinformasjon

    Naturvernforbundet har over lengre tid arbeidd med søknaden til Rauma Energi AS om opprusting av Verma kraftverk. For å redusere konfliktnivået har Naturvernforbundet kome med eit eige forslag til løysing for inntaket. Dette forslaget er sendt til Rauma Energi til kommentarar, men energiselskapet vel å hemmeleghalde rapportar som er viktige i vurderinga av forslaget til Naturvernforbundet. Naturvernforbundet meiner Rauma Energi då bryt miljøinformasjonslova.

1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11
Viser fra 25 til 32 av totalt 197 artikler

Kontaktinformasjon; Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, v/Øystein Folden, 6630 TINGVOLL. E- post