Søk


Du er her:

Vindkraft

Naturvernforbundet har lenge arbeidd for å få til utbygging av nye fornybare energikjelder som vindkraft. Vi ønskjer at vindkraft i framtida skal ha ei viktig rolle i energiforsyninga globalt. For at dette skal vere mogleg må vi planlegge utbygginga på ein måte som gjer at inngrepa ikkje blir for store.

Vindkraft er i utgangspunktet ein fornybar ressurs. Viss det blir bygd vindmøller på område med små og få konflikter, kan vindkraft gje eit nyttig bidrag til kraftproduksjonen på stader der alternativet er nye kraftliner. Naturvernforbundet har vore aktiv i arbeidet med å få på plass planar på regionalt nivå som viser kva område som t.d. er uaktuelle for vindkraft pga. ymse konfliktar. Så kan aktuelle søkjarar konsentrere seg om dei stadene der konfliktane i utgangspunktet er mindre.

  • Høyspentmast kraftlinje

    29.12.2011:

    Regjeringa med avgjerd i "Monsterlinjesaka"

    Rett før jul fatta Olje- og energidepartementet avgjerd i klagesakene for den planlagde kraftlinja Ørskog - Fardal. Naturvernforbundet har kort oppsummert sitt syn på denne saka.

  • Kraftlinje

    29.12.2011:

    Meir kabling

    Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

  • Kylling bru over rauma

    20.11.2011:

    Miljøvennleg straum?

    Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

  • IMAG0136

    15.11.2011:

    Villeiande marknadsføring av straum

    Klage frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til Forbrukerombodet.

  • Folk på fjellet

    09.06.2011:

    Pest og kolera: Tilleggshøringa for 420 kV Ørskog - Fardal

    Samarbeidsrådet for naturvernsaker (SRN), et samarbeidsorgan mellom Den Norske Turistforening, Naturvernforbundet, Norges Jeger- og Fiskerforbund og WWF Norge, understreker i sin siste uttalelse til "monsterlinja" at det er svært uheldig at ikke andre aktuelle og mye bedre helhetlige løsninger er blitt utredet og vurdert på et tidligere tidspunkt. De nye omsøkte trasé-alternativene dreier seg i hovedsak om å flytte stor skade fra et område til et annet.

  • Lundeelva mot kjosnesfjorden jolster

    05.02.2011:

    Kvite sertifikat er viktigare enn grøne

    Naturvernforbundet har gitt fråsegn til lovforslaget om ei norsk-svensk elsertifikatordning, "grøne sertifikat". Naturvernforbundet sine to hovudkrav er at vasskraft som hovudregel ikkje bør få grøne sertifikat, og at det må innførast elsertifikat for energieffektivisering og energisparing, "kvite sertifikat".

  • 15.10.2009:

    Naturvernforbundet med fråsegn til klimaplanen til Møre og Romsdal fylke

    Naturvernforbundet med fråsegn til klimaplanen til Møre og Romsdal fylke

    I ei fråsegn til energi- og klimaplanen for Møre og Romsdal fylke har Naturvernforbundet fleire kritiske kommentarar.

  • 03.07.2009:

    Naturvernforbundet med kritiske merknader til planane om vindkraftverk på Skardsøya og Ertvågøya

    Naturvernforbundet med kritiske merknader til planane om vindkraftverk på Skardsøya og Ertvågøya

    Agder Energi har meldt at dei ønskjer å søke om konsesjon for vindkraftverk både aust på Ertvågøya og på Skardsøya i Aure kommune. Slik den nye naturmangfaldlova legg opp til er det viktig at utbyggar syter for at kjennskapen til naturgrunnlaget er tilstrekkeleg til at ein veit kva som vil bli påverka og om påverkinga kan reknast å vere akseptabel. Naturvernforbundet peikar i si fråsegn til NVE på fleire tilhøve som det er viktig å få utgreidd skikkeleg, særleg trugsmålet mot det biologiske krabbefeltet på Skardsøya.

1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8
Viser fra 1 til 8 av totalt 61 artikler

Kontaktinformasjon; Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, v/Øystein Folden, 6630 TINGVOLL. E- post