Vindkraft
Naturvernforbundet har lenge arbeidd for å få til utbygging av nye fornybare energikjelder som vindkraft. Vi ønskjer at vindkraft i framtida skal ha ei viktig rolle i energiforsyninga globalt. For at dette skal vere mogleg må vi planlegge utbygginga på ein måte som gjer at inngrepa ikkje blir for store.
Vindkraft er i utgangspunktet ein fornybar ressurs. Viss det blir bygd vindmøller på område med små og få konflikter, kan vindkraft gje eit nyttig bidrag til kraftproduksjonen på stader der alternativet er nye kraftliner. Naturvernforbundet har vore aktiv i arbeidet med å få på plass planar på regionalt nivå som viser kva område som t.d. er uaktuelle for vindkraft pga. ymse konfliktar. Så kan aktuelle søkjarar konsentrere seg om dei stadene der konfliktane i utgangspunktet er mindre.








