Du er her:

Jorunn Vallestad følgjer naturmangfald-forhandlingane i Sør-Korea

Jorunn Vallestad følgjer naturmangfald-forhandlingane i Sør-Korea.

Innlegg:

Vern, ikkje vent til eg kjem

På den tolvte internasjonale FN-konferansen om naturmangfald i Sør-Korea, diskuterar me plassering av komma, mens artar døyr ut. Heime i Noreg har Regjeringa føreslått eit steg i feil retning.

I eit kaldt telt i fjella i Sør-Korea går det heitt føre seg. Her er verdens miljøbyråkratar, politikarar og frivillige organisasjonar, heile 172 ulike partar, 8000 menneske, samla på FNs Toppmøte for Konvensjonen om biologisk mangfald, for å diskutere korleis vi skal klare å stoppe ei av verdas største utfordringar, nemleg det enorme tapet av naturmangfald.  Sjølv føler eg meg ganske liten og ubetydeleg, for ikkje å snakke om kald, på mitt aller første Naturtoppmøte. Konspirasjonsteoriane florerer med tanke på kva arrangørane har tenkt, når dei bestemte at uoppvarma telt var tingen for å arrangere toppmøte i oktober. I dag var det rim på bakken…

Då er det jo bra at temperaturen på diskusjonane stiger utover i forhandlingane. I den veka som har gått har pengar vore eit av dei store diskusjonstemaa, rettare sagt korleis vi skal klare å mobilisere dei nødvendige ressursane for å stoppe tapet av natur. For sjølv om vi er vant til at økonomiske interesser og naturvern står på motsatte sider i mange konfliktar, heng dei også tett saman. Naturen og dei verdiane og tenestene den gir oss er jo sjølve grunnmuren som økonomien vår er bygd på. Då er det jo berre rett og rimeleg at vi må bevilge pengar frå denne økonomien for å gjennomføre dei nødvendige tiltaka for å stoppe tapet av natur. Dette vil vi høgst sannsynleg tene på i det lange løp, også reint økonomisk.

Men kven skal betale? På FNs Naturtoppmøtet for to år sidan vart det vedtatt eit midlertidig mål om at dei industrialiserte landa skulle doble finansiering av tiltak i utviklingsland. På dette møtet skal forhåpentlegvis det endelege målet settast, men er ei dobling nok? Det meinar ikkje dei afrikanske landa. Dei vil ha ei firedobling. Ikkje alle dei industrialiserte landa ynskjer ei dobling ein gong. Og dette er ikkje det einaste økonomispørsmålet som skaper strid, for kvar skal pengane komme frå? Mange er redd forslaget om såkalla «nye og innovative finansieringsmekanismer» vil føre til ein kommersialisering av naturen, der dei enkelte naturverdiane blir plukka frå kvarandre og nedgradert til ein handelsvare som kan kjøpast og selgast i eit marknadssystem. Og kva med betaling for økosystemtjenester, som å betale folk for ikkje å hugge ned skog, eller ikkje plukke skilpaddeegg. Fungerer dette, eller fungerer det rett og slett mot sin hensikt? Meiningane er mange og sterke.

Det som er tydeleg er at det meste av ressursmobiliseringa og handlinga må skje nasjonalt. Mange snakkar om kor viktig sektorintegrering er. Det vil sei at bevaring av natur er noko som må tas omsyn til i alle sektorar i samfunnet. Konvensjonen og den nasjonale handlingsplanen vi har forplikta oss til å lage neste år kan ikkje berre stå til pynt hos Miljødirektoratet og elles støve ned i ei skuff. Den skal brukast, og det må alle direktorat og departement vere einige om.

Eit anna prinsipp det synes å ver einigheit om her er at kutting av perverse subsidier som skadar naturen er lurt. I tillegg til å hindre direkte skade på natur kan dei pengane som tidlegare gjekk til subsidiering brukast på gode naturverntiltak i staden for. Ein skikkeleg vinn vinn situasjon som alle kan einast om, i alle fall på papiret… nasjonal handling sit derimot lenger inne. 

Dette blir ekstra tydeleg for meg når det norske statsbudsjettet plutseleg blir lansert. Twittermeldingane kjem fortare enn eg klarar å lese dei. Regjeringa aukar investeringane i olje og vegbygging og kuttar skogvernet med 2/3. Støtte til prioritering av trua artar kutta dramatisk. Billegare å køyre snøskuter. Frivillige ungdomsorganisasjonar må kjempe for å overleve. Meir pengar til bygging av skogsbilvegar. Miljø er en salderingspost. Satsing på klima rein løgn.

Korleis skal dette gå? Vi har jo forplikta oss til å stanse tapet av naturmangfald innan 2020, til å fase ut skadelege subsidier, ta vare på trua artar, verne et representativt utval av norsk natur, inkludert skog, skape intensiver for vern og berekraftig bruk av naturen, auke kunnskapen om naturmangfald i samfunnet og så vidare. Dette er tiltak som kostar pengar, då treng vi ei regjering som prioriterer riktig. Som innser at den norske velferdsstaten ikkje er bygd på luft og aksjar aleine, til og med oljen har jo ein gong vore levande natur. Og når vi ikkje lenger kan basere økonomien vår på CO2-utsleppa den medfører, er det endå viktigare å ta vare på den naturen som lever, og som vi skal leve av i uoverskodeleg framtid.

Det er store ting som står på spel. Då kan ofte det som diskuterast her på Naturtoppmøtet verke frykteleg smått. Skal den setning med i dokumentet eller ikkje? Skal vi «welcome», «adopt» eller berre «take note off» det vedlegget der? Og er det verkeleg nødvendig å bruke ein time på å diskutere det? Forkortelser og halvvegs forståelege engelske formuleringar svirrar rundt i hovudet på slutten av kvelden, og eg må stadig minne meg sjølv på det dei fleste av oss lærte på barneskulen. Plassering av eit komma kan avgjere mellom liv og død…