Stasjonen på IMS eig ei km lang lakseelv der all fisk har blitt fanga og kontrollert sidan 1975. Det er totalforbod mot sports- og næringsfiske både i elva og fjorden utanfor. Stasjonen har settefiskanlegg med 164 kar, klekkeri, laboratorium, pumpeanlegg, kunstig elv, kontor, overvakingsfasilitetar med meir, og har vore ein unik premissleverandør for det vi har av kunnskap om villaksen.
Problemet er at tidlegare hadde stasjonen inntekter frå sal av settefisk, men dette har falle bort, og stasjonen har ikkje makta å skaffe alternative inntekter. Resultatet er at NINA går med eit underskot som tilsvarer underskotet på IMS, og dei ser seg difor ikkje i stand til å drive stasjonen vidare.
I brevet til komiteen frå Norges Naturvernforbund heiter det mellom anna at ”Atlantisk laks er ein art som Noreg har eit hovudansvar for å ta vare på fordi vårt land har det vesentlege av dei ville laksestammane i Europa. Forskinga ved Ims har så langt vore avgjerande for ei kunnskapsbasert forvaltning av laksestammane, til dømes gjennom opprettinga av nasjonale laksevassdrag og laksefjordar. Utan kunnskapen frå Ims hadde dette ikkje vore mogleg å gjennomføre på ein kvalifisert måte. Forskingsbasert kunnskap om utviklinga av laksen i marin fase er avgjerande for dei viktige opplysningane om status for stammane og utviklingstrekk over tid, og om effektane av regulerte vassdrag.”
Les meir om forskingsstasjonen på Ims

