english

Søk


Du er her:

Hyttebonanza


Foto: K. I. Kamrud
Hyttetanken har stor sympati i eit folk som lengtar til naturen. Det er ikkje det som er problemet. Vi har det romsleg i dette landet, og det er sikkert plass til fleire hytter. Men den nye hytteboomen er ein veksande parasitt på landskapet - ein okkupasjon av fjellet, i strid med alt som er bygd opp av politisk vedtak til forsvar for naturen. Det ligg store pengar i hyttebonanzaen. Men ingen av dei som blir rike betaler for skadane på natur og landskap. Og dei som lagar lover og reglar, er sjølvutslettande liberale mot bonanzaprinsane og lovstridige kommunar.
Dette skriv Erik Solheim, tidlegare leiar av Norges Naturvernforbund, i artikkelen ”Hyttebonanza”, som stod på trykk i avisa Nationen 27. desember 2005. Heile teksten kan lesast nedanfor.

Relevante saker:

Prosjekt: Fjellnatur - Hytter - Landskapsendring
"Små" landsbyar med plass til 40 000 bebuarar og handlegater i fjellheimen?
Vi trenger nasjonal styring av hyttebyggingen - både i innlandet og langs kysten
Utfordrer miljøvernministeren til å begrense hyttebygginga
Hyttebyggingen fortsatt uten overordnet styring
Ber om hytte-møte med miljøvernministeren


Hyttebonanza

Av Erik Solheim, naturvernar

”… dei som lagar lover og reglar er sjølvutslettande liberale mot bonanzaprinsane og lovstridige kommunar. ”

Ein gong var hytta ein veg til naturen. Med tak og vegger rundt bålet var fjellet eller skogen innan rekkevidde om morgonen. Hyttetanken har stor sympati i eit folk som lengtar til naturen.

Det er ikkje det som er problemet. Vi har det romsleg i dette landet, og det er sikkert plass til fleire hytter. Men den nye hytteboomen er ein veksande parasitt på landskapet - ein okkupasjon av fjellet, i strid med alt som er bygd opp av politisk vedtak til forsvar for naturen. Vi har lover og reglar for arealplanlegging, konsekvensanalysar og langsiktige avvegingar. Men når det verkeleg er bruk for dei, ser dei ut til å ha same autoriteten som Fadervår har for ateistar.

Det ligg store pengar i hyttebonanzaen. Ordet bonanza dukka opp under sølvfeberen i Nevada i 1874. Men ingen av dei som blir rike betaler for skadane på natur og landskap. Det må andre gjere. Villreinen betaler på same måten som indianarane på prærien gjorde. Reinen misser land og mat, og er stengd inne i reservat mellom ulike inngrep. Denne nomaden, som har vandra i våre fjell i ti tusen år, er på veg til å bli ein truga dyreart på grunn av cowboyøkonomien i hyttebygginga. Kva som elles går tapt av biotopar for dyr og planter er det ingen som har oversyn over, medan nedbygginga i dei populære områda hastar planlaust vidare. Go west, young man! Snart kastar hyttebyane neonlys over nasjonalparkane.

Over heile verda er det nå arbeid i gang for å redusere tapet av artar og landskap. Vi ser at ideen om å tenkje langsiktig gradvis blir til realitetar. Omsyn til livet på jorda er ein del av folkeretten. Men folkeretten kjem til kort der kommunane ikkje vil. I vårt land er det lite å seie på det nasjonale ambisjonsnivået. Noreg skal stanse nedgangen i biologisk mangfald innan 2010, heiter det frå Stortinget. Men dei som lagar lover og reglar er sjølvutslettande liberale mot bonanzaprinsane og lovstridige kommunar.

Dei fleste i vårt land, 19 av 20 nordmenn, set naturopplevingar på topp når dei får spørsmål om kva som gjer livet godt å leve og kva som er viktig for identiteten. Utmarka er open for alle. Allemannsretten er ein av våre eldste og mest folkelege rettar. Allemannsretten er ikkje berre eit spørsmål om kvar naturen er tilgjengeleg, men kva som er å oppleve, om naturen er fri natur eller eit område som er lemlesta av støy og inngrep.

Nå går gravemaskinane i den opplevingsrike naturen. I altfor mange tilfelle ser vi at allemannsretten har lite å hente i kommunestyra når denne retten kjem i konflikt med lokale utbyggingsplanar. Det finst kommunar med ein annan politikk, men også dei kjem under press når grannane legg asfalt i fjellet.

På den eine sida står interesser for å ta vare på naturen, ut frå langsiktige omsyn til den biologiske rikdommen og til friluftslivet. På den andre sida står ein kapitalsterk etterspurnad etter store hytter og byens konsum i fjellet, grunneigarar som ser sitt snitt til lettente pengar, aggressive investorar og kommunar med lyst på ny aktivitet.

Motkreftene blir sporven mot kanonane. Kommunestyra sit med makt til å gjere fjellnaturen om til fjellbyar, i saker der dei sjølve er part, og med tunge pengeinteresser. Prinsippet om partsnøytrale avgjerder falmar stygt. Nå som før ser vi at bukkane likar havren godt. Det er ikkje noko unormalt ved bukken, men andre må passe på sekken.

Utviklinga er nokså diktatorisk. Både ut frå meiningsmålingar og ut frå vedtak i Stortinget kan vi sjå at i dei fleste tilfella står det fleire på vernesida enn på utbyggingssida. Men dei fleste av dei som har interesse av å ta vare på naturen ved Hallingskarvet eller i Jotunheimen bur andre stader enn i kommunar som Vang og Hol. Dei kan ingen ting gjere for å påverke vedtaka i dei to kommunestyra. Nærdemokratiet i slike saker er i beste fall eit næringsdemokrati. Ikkje noko anna naturinngrep av liknande dimensjonar på land ligg under så lite folkeleg styring som dagens hyttebygging.

Vitet er jamt fordelt i landet, seier nokre. Det hjelper ikkje når berre litt av vitet slepp til. Historia om korleis lokalsamfunna rundt om i verda har forvalta naturen, er nedslåande lesing. Bra har det gått stort sett berre når naturgoda var rikelege, og menneska så få at dei ikkje vann over alt. Naturen overlevde av manglande øydeleggingskapasitet. Vekst og krise har som regel følgt kvarande som natta kjem etter dagen.

Akkurat som vi treng internasjonale avtalar for ei sivilisert naturforvaltning globalt, treng vi nasjonal styring for å bremse kommunane nasjonalt. Det er langt igjen på begge felta. Vi er vitne til eit forbruk av fjellnatur som vi ikkje har sett maken til sidan kraftutbyggjarane var heilt ute av kontroll.

Evert Taube skreiv ein gong til Olof Palme: «... att Regjeringen för naturens, poesins og civilisationens skull håller et öga på vandalerne och hejdar dem i tid..»

Er det ikkje vakkert, Helen Bjørnøy?

(Også publisert i Nationen, 27. desember 2005: http://www.nationen.no/meninger/Kronikk/article1882468.ece)

        Norges Naturvernforbund, Grensen 9b, 0159 Oslo
Tel:+47 23 10 96 10. Faks: 23 10 96 11
E-post:
Kontakt I Støtt oss I Bli medlem