Miljøvernminister Børge Brende
Postboks 8013 Dep
0030 OSLO
Den 26. juli 2002
Kriminell ulvejakt i Aurskog-Høland krev nye tiltak
Alt tyder på at krypskyttarar har teke livet av dei radiomerka leiarulven i Aurskog-Høland. Tidlegare er ein annan ulv i same området sporlaust borte. Flokken er halvert på eit par år.
Til Romerikes blad uttaler viltforvaltar Asle Stokkereit i dag at dei truleg har å gjere med ein organisert liga som står bak denne kriminaliteten. Dei to siste åra er det registrert større aktivitet på skogsbilvegane rundt ulverevira.
Norges Naturvernforbund går ut frå at styresmaktene ikkje kan akseptere at mafiagjengar øydelegg rovviltvernet. Ei rekkje tiltak er nødvendige:
- Dagens radiomerking må avviklast. Kven som helst kan i dag enkelt skaffe seg peileutstyr og leite opp merka ulvar. Dagens praksis er som å reise frå huset og annonsere i avisa at det står ulåst, fullt av verdiar.
- Dei siste åra har det vore fleire merkelege ulveforsvinningar. Etterforskinga er for dårleg. Når det først nå blir kjent at leiarulven har vore borte sidan 13. mai, og politiet enno ikkje er informert om saka, er dette å gje kriminaliteten fritt spelerom. Det nyttar ikkje å gå til politiet utan handfaste prov, seier viltforvaltar Stokkereit. I så fall er dette ei uakseptabel nedprioritering av miljøkriminalitet frå politiet. Det er politiet sitt ansvar å etterforske og oppklare brotsverk, ikkje å møte mistenkelege dødsfall med passivitet til andre har løyst gåta.
Vi bed om at Miljøverndepartementet og Justisdepartementet syter for ei forsvarleg opprioritering av etterforskinga i saker som gjeld alvorleg miljøkriminalitet.
- Dersom det er korrekt at den nattlege trafikken har auka på skogsvegar rundt ulverevira, tilseier dette at politiet set i gang spaning for å skaffe oversyn over denne trafikken.
Med venleg helsing
Erik Solheim
leiar
