Du er her:

  • Nyheter
  • Naturvernforbundet glade for nullutslippsferger på Sunnmøre

Naturvernforbundet glade for nullutslippsferger på Sunnmøre


Ill.foto: Jan Hugo Sørensen
To av dei største fergesambanda i Møre og Romsdal er ute på anbod. Statens vegvesen krev bruk av miljøvennleg drivstoff i begge sambanda. Det er berre nullutsleppsdrivstoff det er lov å kalle miljøvennleg, og Naturvernforbundet er nøgd med at Statens vegvesen for første gang stiller så strenge krav. Dersom Statens vegvesen ikkje hadde stilt så strenge krav til drivstoffet, meiner Naturvernforbundet at dei to sambanda kunne ha blitt ’dumpingplass’ for fergemateriell som er tatt ut av drift i andre samband, kanskje materiell som elles kunne blitt oppgradert slik at dei forureina mindre.

- Dette vil gi ein klimagevinst, seier leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. - Det at Statens vegvesen krev at alle reiarlaga som gir tilbud skal garantere bruk av nullutsleppsdrivstoff er noko heilt nytt i Noreg. Naturvernforbundet skriv difor brev til Statens vegvesen, både for å gratulere og for å be om nokre presiseringar i anbodskonkurransen.

Meir informasjon om denne saka og relaterte lenkjer på nettsida til Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Temaside: Samferdsle

- Klikk her og les korleis du kan bli medlem eller støtte Norges Naturvernforbund sitt viktige arbeid for ein miljøvennleg, framtidsretta samferdslepolitikk på annan måte.