english

Søk


Du er her:

Ny rapport: Olivinfuruskogen på Møre må vernast


Foto: Dag Holtan
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal sitt krav om vern av olivinfuruskog på Sunnmøre, skapte reaksjonar i kommune, fylke og blant grunneigarar. Ein ny naturfagleg vurdering ligg no føre og stadfestar at det er snakk om svært store verneverdiar.
Rapporten "Olivinfuruskog og rødlistearter i Bjørkedalen, Volda: naturverdi og forvaltningsmuligheter" er skriven av T. E. Brandrud og gitt ut som NINA-rapport 461-2009. Han gjør greie for olivinfuruskog og kva som er spesielt med denne naturtypen.

Olivinfuruskogene i Bjørkedalen, Volda, utgjør eit av dei tre største og viktigaste kjerneområda for denne naturtypen i Noreg og Norden. Områda i Tjørnanakkane og Daurmålsnakken har særleg spesiell natur og er gitt høgaste verneverdi. Rapporten tek til orde for å sikre desse områda for ettertida. Når det gjeld forvaltning av verneområda, er det ulike løysingar for dei ulike områda.

          Naturvernforbundet, Grensen 9b, 0159 Oslo
Tel:+47 23 10 96 10. Faks: 23 10 96 11
E-post:
Kontakt I Støtt oss I Bli medlem