Norges Naturvernforbund krev i eit brev til Miljødepartementet at det allereie frå hausten 2008 blir sett i gang eit pilotanlegg for reinsing av vatn med tungmetall frå dei nedlagde Løkken gruver i Sør Trøndelag. - Dette er nødvendig som ein del av arbeidet med å finne varige og sikre løysingar på forureininga av Orkla, heiter det i brevet.
Drifta av Løkken gruver starta i 1654 og vart nedlagt i 1987. Avrenning frå gruveområda ved Løkken Verk representerer i dag det største kjente forurensningspotensialet frå tungmetall frå sulfidmalmgruver i Noreg, og trusselen mot Orkla er overhengande.
Før nedlegginga vart det iverksett tiltak som medførte sterk reduksjon av tungmetallavrenning til vassdraget, men Norsk institutt for vannforskning (NIVA) har heile tidea slått fast at dette bare var ei midlertidig løysing, og at det var eit tidsspørsmål før systemet vil svikte. Allereide i 1995 fikk vi dei første indikasjonane på dette, og fra 2002 har reinsesystemet vore mykje svakare og utslippa har i perioder vore tidobla.
- SFT ser ut til å vera mest oppteken av ei løysing som medfører flytting og deponering av 800 000 tonn forureina massar. Flytting av slike enorme massar gjev ein stor risiko for forureining under arbeidet, og det er vanskeleg å finne miljømessig gode og varige deponi i området. Dessutan vil det for all tid fjerne sentrale kulturminne frå den 330 år gamle gruvehistoria i området, konstaterer Løkeland.
Natuvernforbundet ber difor at MD og SFT også stiller krav til Bergvesenet og Nærings- og Handelsdepartementet om alternative løysingar i tillegg til deponi.
Ved Falu gruver i Falun, Dalarne län i Sverige, har dei tilsvarande avrenning av vatn med tungmetall som på Løkken. I 2008 har dei sett i gang eit fullskala anlegg for reinsing av det forureina vatnet, med uttak av metall og andre verdfulle råvarar for sal og vidare bruk.
- Dette er å behandle forureininga som ressurs i staden for som avfall, og er eit viktig prinsipp å halda i hevd i ei verd med stadig knappare ressursar, meiner Løkeland. - Vi må arbeide for at slike løysingar blir utvikla vidare i arbeidet med å få kontroll med avrenning frå dei mange gamle gruveområda i Noreg. Dette må bli eit viktig tema i arbeidet med å utvikle miljøteknologi.
