english

Søk


Du er her:

- Stans vindkraftutbygging til lands!


Ill.foto: Kåre Olerud
Naturvernforbundet i Sør Trøndelag har skrivi ei grundig uttale om Fylkesdelplan vindkraft. - Vi ber om stans i all vidare utbygging av vindkraft til lands i Sør-Trøndelag, seier Mads Løkeland, talsperson for klima- og energisaker. - Det må bli sett i gang eit arbeide med å vurdere større, samanhengande verneområde på kysten før presset frå vindkraft, kraftliner, vegbygging og hyttebygging øydelegg dei siste restane av urøyrd natur langs kysten.

Naturvernforbundet i Sør-Trøndelag har fire hovudkonklusjonar i uttala som er sendt til Sør-Trøndelag fylkeskommune:

1. Stans all vidare utbygging av vindkraft til lands i Sør Trøndelag (alternativ A i planen).
Dette medfører også nei til 420 kV kraftline Namsos – Surnadal som utgjer ein integrert del av forslaget til fylkesdelplan vindkraft.

2. Kanalisér vindkraftmilliardane til andre energi- og klimatiltak som vil gje vesentleg større bidrag til å redusere utslepp av klimagassar på kort og lang sikt.
Gjennomfør ei utgreiing for alternativ bruk av vindkraftmilliardane.

3. Fylkeskommunen har ikkje oppfylt lovverkets klare pålegg om konsekvensutgreiingar (Plan og bygningsloven og Forskrift om konsekvensutredninger). Ingen andre fylkeskomunale planar i Sør Trøndelag har sannsynlegvis nokon gong hatt større konsekvensar for natur og miljø i fylket. Fylkeskommunen må foreslå et utgreiingsprogram og få gjennomført allsidige og fullstendige konsekvens­utgreiingar for alle områda som forslaget til fylkesdelplan har peika ut som aktuelle for utbygging, medrekna 420 kV kraftline.

4. Det må bli sett i gang eit arbeide med å vurdere større, samanhengande verneområde på kysten av nasjonalpark-liknande karakter før presset frå vindkraft, kraftliner, vegbygging og hyttebygging øydelegg dei siste restane av urøyrd natur langs kysten.
Vi ber Fylkesmennene og fylkeskommunane i Sør Trøndelag, Nord Trøndelag og Møre og Romsdal om å ta initiativ til dette.

Les heile uttala her

Relaterte saker:

04.01.2008 Naturvernforbundet krev regional plan for vindkraft
05.02.2008 Norsk vassdragsnatur ikke til salgs!
22.02.2008 Vindkraft og lokalisering. Lesarinnlagg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
07.03.2008 Frå folkemøtet om vindmøller på Fedje
27.03.2008 Vindkraftprosjekt med stor negativ verknad på naturmangfaldet

Temasider: Spar strøm Klimakutt.no Energi og klima

Støtt vindkraftarbeidet til Naturvernforbundet! Bli medlem!

Hald deg oppdatert - få gratis, ukentleg nyhetsbrev frå Norges Naturvernforbund på e-post

          Naturvernforbundet, Grensen 9b, 0159 Oslo
Tel:+47 23 10 96 10. Faks: 23 10 96 11
E-post:
Kontakt I Støtt oss I Bli medlem