Fjernsynsprogrammet tok utgangspunkt i prosjektet "Fjellnatur - Hytter - Landskapsendring" som blei gjennomførd i regi av Naturvernforbundet i Oppland og med forskar Sidsel Mæland som prosjektleiar. Kamrud sin artikkel er tidlegare trykt i Avisa Valdres.
Norske mann i hus og hytte
Av Kirsten Inga Kamrud,
skribent / lærar
Vi har hytte. Forresten, det kan ikkje kallast hytte lenger. Ikkje når ein samanliknar det med andre byggverk i området som har høgare standard og fleire kvadratmeter enn der eg bur. Og desse bustadane på fjellet blir kalla hytter. Då er hytta mi ikkje hytte, då må den heite koie eller bu eller krypinn. Hytta mi er 50 kvadratmeter, omtrent som garasjen til slike nye hytter. Ikkje har vi straum, ikkje har vi vatn og ikkje har vi oppvarma bad for hunden. Ikkje har vi hund heller.
Eg såg akkurat eit program om hyttebygging. På Filefjell stod ordføraren og blafra med kart og store ord om vekst og infrastruktur. No skal ikkje eg overprøve dei vedtak som kloke politikarar har gjort i Vang eller andre stader. Eg såg berre Onkel Skrue-blikkket som tenkte på fulle pengebingar og gav slepp på arvesylvet, altså naturen, for raske kroner. Slik ser eg det, då … Halvgamal og romantisk som eg er. Og aldri blir eg rik, heller. Det får så vera. I Vang blir dei kanskje rike på kroner, ei stund. Kva når oldebarna krev svar på korleis dette kunne skje? Kva når stillheita på Filefjell er borte for alltid? Far min sa støtt at å selja hyttetomter var som å pisse i buksa, det varma ei lita stund. Klokt sagt av ein som gav bort ei av sine få tomter til meg. Så eg kunne bygge koia mi. Det er faktisk ei koie også. Ei gamal timbre som har husa slitne tømmerhoggarar. Når det var plass til ni-ti tømmerhoggarar, så skulle vel gubben og eg kunne klare oss der. Og vi kjenner kvar stokk fordi vi sjølve har lyfta dei på plass.
Ein kan ikkje ta vare på alt heller, sa ordføraren i Vang. Og i same program såg vi eit kart over Sør-Norge med ein raud prikk for kvar hytte. Og det var mange. Og ikkje mange tome, urørte flekkar. Kanskje på tide å ta vare på alt. Alt som er att. Ja då, eg veit at vi skal leva av noko her i Valdres. Snart har den siste bonde fått seg jobb på Asko og den siste bondekjerring sit i kassa på Rimi. Og så kjem turistane på hytta. Og vi pratar Norges finaste dialekt og lever av servicenæringa. Turistane kom hit for å få ro, trudde eg. Heilt til han investoren Buchardt stod der og gliste og sa dei hadde musikk på ute. Gamaldans og Prøysen og slikt, det skapte liksom stemning og folk likte det for då var det ikkje så tomt og stille! Då var det ikkje så ute ute! Og så prata han om handlegater og små landsbyar. Små landsbyar med plass til 40 000 bebuarar i sesongen. SMÅ landsbyar kalla han det. Det er to gonger alle i Valdres, det. Slike innfødte, altså. Slike om ikkje har børstraktor og skinnikkers og fuglehund til rypejakta. Turistane kjem altså hit for å gå i handlegater 1000 meter over havet medan musikken gjallar over steinar og skigardar som er dandert utover så landskapet skal sjå urørt ut. Vegetasjonen er røska vekk så heile området ser ut som eit månelandskap og det vil ta århundrar for det veks til att, om det nokon gong gjer det. Og så sit dei i dei flotte hyttene sine med Internett og parabol medan gasspeisen kastar koseleg stemning over dei tropiske treslaga i parketten. Okei, eg er litt misunneleg. På hytta mi er det kald utedo, sjølv om vi har slik isoporring til å sitte på.
Men på hytta mi kan eg høyre isen krase under føtene når eg stiltrar meg ut ein kald haustdag. På hytta mi ser eg nordlyset som blafrar over mørke fjell og skogar. På hytta mi høyrer eg lavskrika som susar stille frå tre til tre. Og om morgonen er det små perleband over snøen etter hare og rev. Framleis kjem det kyr ruslande eller ein saueflokk som vil ha salt. Og så kan eg sitta i solveggen utan ein einaste nabo som fyk forbi på veg til golfbanen eller afterskiing. På hytta mi er det ro. Det er så stille at eg kan høyre det og då tenkjer ein over kor dyrebar den opplevinga er. Då får det heller vera med alle godene på Filefjell og Gaiastova. For det er eg som har det godt.
Relevante lenkar:
Hyttebyggingen fortsatt uten overordnet styring
Temaside for prosjektet ”Fjellnatur - Hytter – Landskapsendring”Bestill boka ”Fjellnatur – Hytter – Landskapsendring”Les boka her (kun tekst, pdf)

