Du er her:

JernbaneTog SverigeDobbeltspor

Foto: Kasper Dudzik

Naturvernforbundet er for Vossabanen!

Dei som har lese Bergens Tidende dei siste dagane må tru Naturvernforbundet er mot Vossabanen. Det er vi ikkje.

Av Lars Haltbrekken, leiar i Naturvernforbundet

Dei som har lese Bergens Tidende dei siste dagane må tru Naturvernforbundet er mot Vossabanen. Det er vi ikkje. I vår høyringsuttale til Nasjonal Transportplan som blei sendt inn i juni har vi bedt om at det må løyvast store summar til nett denne bana. Grunnen er opplagt– vi treng ei kraftig satsing på Bergensbanen om vi skal få redusert utsleppa av klimagassar i Noreg. Bergen – Oslo er ein av dei strekningane i Europa med størst flytrafikk. Skal vi møte klimautfordringa må vi satse på tog i staden for. Då er Bergensbana viktig og no står kampen om pengar til strekninga Voss – Arna.

Naturvernforbundet har i ei årrekke arbeidd for auka løyvingar til jernbanen, det skal vi halde fram med. Vi må ha nok pengar til viktige jernbaneprosjekt i heile jernbane-Noreg. I tillegg har vi bedt om auka løyvingar til vedlikehald. Jernbanen i Norge er mange stader gamal og nedsliten – dette gjeld ikkje minst deler av Bergensbanen. Auka løyvingar til vedlikehald er avgjerande for å få bra flyt i jernbanetrafikken.

Diskusjonen de siste dagane har vore merkelig å følgje for en organisasjon som i heile si levetid har jobba for betre jernbane. Vi kan forsikre Bergensbanens og andre jernbaneentusiastar at vi framleis kjem til å stå på barrikadane for toget! Tut tut!