Sykkelgruppa har på vegne av Naturvernforbundet drøfta den framlagde Kommunedelplan for trafikk Førde sentrum, og vil i det følgjande kommentera dei ulike forslaga som ligg føre, og i tillegg komma med tilleggsforslag/alternative forslag.
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane går i mot å gje Småkraft konsesjon til Trolleholselva kraftverk. Vi meiner planen er i strid med vernereglane for Stølsheimen landskapsvernområde, i strid med rimelege omsyn ved ei viktig innfartsåre til det nasjonalt viktige turområdet i Stølsheimen og til liten eller ingen nytte for samfunnet.
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane meiner det ikkje er grunnlag for å gje Sogn og Fjordane Energiverk konsesjon til den kraftutbygginga dei vil gjennomføre frå Brevatna sør for Ålfoten i Bremanger. Heile området er frå før hardt utnytta til vasskraft, og dei to vatna som er det er aktuelt å tappe, ligg heilt på grensa av Ålfotbreen landskapsvernområde. I eit land som fløymer over av elektrisk kraft, er utbygginga ikkje til noko nytte for samfunnet.
I Offerdal på nordsida av Årdalsfjorden i indre Sogn er det planar om bygging av to småkraftverk. Vi går av fleire grunnar mot desse planane, og har også eit alternativt og betre framlegg til bruk av den flotte naturen her.
Dette prosjektet er av dei aller mest konfliktfylte vasskraftplanane som er fremja i fylket i nyare tid. NVE bør stille krav om at ugreiingsprogrammet gjennomfører ei fagleg verdivurdering av naturen i heile influensområdet, meiner Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane.
Er det saker i din region som du kunne tenke deg å gjøre noe med?
Vil du gjøre noe for at din kommune skal bli mer miljøvennlig? Er det naturområder rundt deg du vil jobbe for å ta vare på?
Ta kontakt med Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane. Vi kan sette deg i kontakt med andre aktive i din kommune og hjelpe deg i gang.
Kontakt oss: Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane v/ fylkessekretær Lin Hjelmeland, Bjørnadikje 3, 6800 Førde
e-post: Tlf.97 15 28 59