Plastjakten

Vi arbeidar med å fjerne plast i naturen, men skal vi få løyst plastproblematikken må vi arbeide førebyggande og hindre at plast hamnar på avvegar.

plastjakt

Starten på Plastjakten var når ein gåsenebbkvalen, også kjendt som plastkvalen, stranda utanfor Sotra i Bergen i 2017. Det skulle vise seg at den døde på grunn av plast – magen var nemleg full av plastposer som den hadde forveksla med mat.  Dette forferdelige syne sjokkerte mange og kampen mot plastforureining og marin forsøpling har fått mykje merksemd i Noreg etter hendelsen.

Men korleis skal vi unngå at fleire dyr døyr av plast?

For å løyse plastproblematikken må plasten sjølvsagt fjernast frå naturen, men dette er ikkje nok. Vi må førebygge vidare forsøpling og redusere plastforbruket. Prosjektet Plastjakten som hadde oppstart i Naturvernforbundet Hordaland har no spredd seg til andre fylkeslag i Naturvernforbundet, og har no fått fotfeste i Trøndelag og Sogn og Fjordane. Våre delmål er som følger: 

– gjennomføre ryddeaksjoner og spore kilder basert på det vi finner.
– kartlegge bærekraftige alternativ til plast.
– ansvarliggjøre politikere, bedrifter og myndigheter og foreslå løsninger.
– gjennomføre holdningsskapende kampanje og dele kunnskap.

Kvart fylkeslag har ulike aktiviteter som rommer Plastjakten, les meir om våre underprosjekt nedanfor. 

Skuleturne for havet

Naturvernforbundet Sogn og Fjordane og Fjordane Friluftsråd

“Skuleturne for havet”-kampanjen er ein vesentleg del av plastjakten og omfattar skulebesøk med ryddeaksjonar, undervisning og kartlegging i samarbeid med Fjordane Friluftsråd (FF). 

 Vi hadde vårt fyrste skulebesøk den 18 august 2021, og fram til no har vi hatt undervisning og rydding med nærmare 550 elevar og plukket over 4 tonn med søppel. Kombinasjonen undervisning og lokal ryddeaksjon har vore svært vellykkande sidan elevane og lærarane får høve til å skape eigne erfaring i sitt eige lokalmiljø og relatere det til eige forbruk og den lokale næringa.  

Rein Studietid


Naturvernforbundet Hordaland, Naturvernforbundet Sogn og Fjordane, Saman, UIB, HVL m.fl.

«Rein Studietid» er ein ny samarbeiskampanje i Vestland for å hindre forsøpling av naturen, samt bidra til reine og trivlege byrom. Den rettar seg mot studentar og vi håper at den skal spre gode haldningar, auka engasjement blandt studentane og kunnskap om kva vi alle kan gjere. 

Kampanjen består av plakatar, klistremerker og grafikk til deling i sosiale medier og på skjermer. Materielle er tilgjengleg på bokmål, nynorsk og engelsk, for å kunne nå ut til heile studentmessaen i Vestland. 

Del gjerne kampanjen vidare! Last ned materiell.

Vi strata opp spreiing av kampanjen i faddeveka 2021, men den er utformert slik at den kan brukast fleire stader og på seinare tidspunkt 

Image

Hjelp oss med å finne ut hvilken plast som lettest havner i naturen. Last opp dine plastfunn på plastjakten.no. Følg oss på Instagram og Facebook

Image