Langs kysten har mange fått livet snudd opp ned av kraftselskapsom kjem med nye og uventa forslag om vindmølleparkar tett innpå der folk bur, eller lettt synleg i nærområdet. Frå Ålesund til ytre Namdal ligg forslaga om vundkraftanlegg som ei samahengande stripe, og dersom mange av dei blir realisert, vil det føre til ei total endring av kystnaturen, frå dei nære havområda til dei kystnære fjella.
Blant dei siste forslaga er fleire anlegg på Averøy, Tustna og Agdenes. Fleire stader kan livskraftige lokalsamfunn bli endra til fråflyttingsområde, både fordi mange av møllene er foreslått plassert nær buområde, og fordi det skaper pessimisme for framtida i turistnæringa. Vi finn også anlegg plassert slik at dei sperrar for anna aktuell næringsverksemd. Mange forslag ligg midt i "kystriksvegen" for trekkande fugl, eller vi finn dei i viktige våtmarksområde for fugl, som vi frå før er sterkt redusert gjennom anna utbygging. Vindparken på Smøla har vist seg å slå ihjel fleire fuglar , spesielt havørn, enn ein hadde frykta på førehand. Også friluftslivet blir skadelidande i område med vindmøller. Dei som bur lenger inn i landet bør nok heller ikkje føle seg trygge - det bles godt også i Oppdalsfjella, Dovre og Dunndalsfjella. Gjennom mangelen på planlegging risikrerer vi at utbygging av vindmøller kan bli det mest synlege, påtrengande og øydeleggjande naturinngrep vi nokon gong har sett i Noreg. Dei sokalla tematiske konflikvurderingane for vindkraft er eit godt tiltak, men vi må få ein samla plan for vindkraft, der det på førehand blir klargjort kva om råde som kan opnast for utbygging og kva område folk kan føle seg trygge i. Det må bli slutt på desse planlause utspela frå kraftselskapa, som skapar frykt og pessimisme hos kystbefolkninga. Psykisk terror kan best beskrive det som skjer når folk plutselig får vite at dei risikrer å bli buande midt i eti industriområde med støy, blinking, risiko og totalt endra landskap. Vi må få forutsigbarhet og planlegging. Stans behandling av alle vindkraftanlegg inntil det er laga ein samla plan gjennom ei demokratisk behandling.
Mads Løkeland Styremedlem, Naturvernforbundet i Sør-Trøndelag

