Du er her:

Bli med på Vassdragtreff i Vågå

Naturvernforbundet inviterer til vassdragstreff i Vågå 3.til 5. september. Fokuset blir i år på Finna.

Finna vart verna mot kraftutbygging i Verneplan IV i 1993 på bakgrunn av store naturfaglege verdiar, kulturminneverdiar og friluftsinteresser. På treffet vil vi bli betre kjent med Finna gjennom synfaring og innlegg.

Det vil bli fokusert på korleis vi kan ta vare på verneverdiane i vassdraget samtidig som Vågå sentrum blir betre flaumsikra enn i dag.

Vi starter seminaret med å løfte blikket litt, og SABIMA vil gi oss noen tankar om korleis vi kan ta vare på naturmangfaldet og samtidig redusere klimagassutsleppa. Det blir innlegg frå ordføraren i Vågå om kommunens syn på flaumsikring. Vidare vil Eidefoss Vannkraft fortelje om aktuelle flaumsikringstiltak.

Regionkontoret Nord-Gudbrandsdal skal presentere eit prosjekt om at tidleg varsling kan erstatte flaumsikring, og forskar Ulrich Pulg vil snakke om naturvennleg flaumsikring.

Seminaret i Våga kulturhus laurdag 04.09. avsluttast med ein paneldebatt med politikarar som deltakarar. Synnøve Kvamme, Naturvernforbundets nyvalde nestleiar, deltar i debatten.

Som vanleg på vassdragstreffa blir det felles middagar og sosialt samvær.

MELD DEG PÅ HER!

Frist for påmelding er 10.august.
Overnatting og reise må den enkelte organisere og betale. Fellesmåltid dekkast av Naturvernforbundet. 

Ta kontakt med fagrådgjevar Ingegjerd Meyer på im@naturvernforbundet.no eller telefon 41651908 om du lurer på noe.

Treffet blir arrangert av Vassdragsvernrådet, Naturvernforbundet, Naturvernforbundet i Ottadalen og Sel og Naturvernforbundet i Oppland.

Medarrrangører er FNF Innlandet, DNT, Sabima, Norges ornitologiske forening Oppland,Gudbrandsdalen sportsfiskerforening og Norges jeger- og fiskeforbund.

Takk til Miljødirektoratet for økonomisk bidrag til treffet

Finna fra Finndalen. Foto: Nelly Einstulen

Program Vågåmo 2021

Fredag 3.9. 

Frammøte ettermiddag. Innkvartering. Felles middag på Vågå hotell kl. 19.

Laurdag 4.9.

Seminar i Vågå kulturhus. Ordstyrar: Jan Olav Nybo

09-09:15 Opning v/ordførar Harald Sve Bjørndal og leiar i vassdragsvernrådet Jan Olav Nybo.
                Praktisk v/ leiar i Naturvernforbundet Ottadalen og Sel Nelly Karidatter Einstulen.
                Helsing frå Naturvernforbundets nye nestleiar Synnøve Kvamme.

09:15-09:55 - Overordna perspektiv på naturens verdi, med vekt på vassdrag. Ved Generalsekretær  Christian Steel, Sabima.

10-10:20 Finna - kva er problemet? Og kva ser ordførareren som løysing? Ved Harald Sve Bjørndal, ordførar i Vågå.

10:20-10:35 Kaffe, te og beinstrekk.

10.35 - 10.45 Dronefilm frå Finna.

10.45 - 11.00 Kvifor er Finna verna? Truslar mot verneverdiane.  Ved koordinator Ole Morten Fossli - Forum for natur og friluftsliv Innlandet.

11:05-11:35: Finna og Vågåmo – naturfare: Bakgrunn og status for sikring. Presentasjon av NVEs mulighetsstudie Ved Ole Morten Fossli

11.35- 12.00 Spørsmål/diskusjon

12:00-12:45 Lunsj

12:45-13:15 Eidefoss vannkraft - kva er moglege tiltak frå deira side? Ved administrerade direktør Hans Kolden, Eidefoss vannkraft

13:15-13:35 Naturvennleg flaumsikring? Ved forskar Ulrich Pulg, Norce

13.35- 13.55 Flaumvarslingsprosjektet: kan tidleg varsling erstatte flaumsikring? Regionrådet i Nord-Gudbrandsdalen sitt prosjekt om hvordan tidleg varsling kan styrke flaumsikringa og beredskapsarbeidet, med minimale inngrep. Ved Frode Damstuen, daglig leder i Regionkontoret Nord-Gudbrandsdal.

13:55-14:15 Beinstrekk og biteti

14:15-15:00 Paneldebatt Leiar av debatten; Terje Kronen. 

Deltagere:
Ordførar Harald Sve Bjørndal
Nestleiar i Naturvernforbundet Synnøve Kvamme
Harald Sve Bjørndal, Bygdelista
Terje Jonny Sven, Arbeiderpartiet
Hanne Alstrup Velure, Høyre
Bengt Fasteraune, Senterpartiet
Mai Bakken, SV

15.00 - 18.00 Synfaring med buss i Finndalen. Guiding ved kjentmann Jakup Skjedsvoll.

19.00 Felles middag på Vågå hotell. Etter middag kåseri ved nestleiar i Naturvernforbundet Synnøve Kvamme

Søndag 5.9

Bli kjent i Vågå!

12.00 Avslutning

NB: Vi tar atterhald om endringar i programmet.

Overnattingsinfo

  • Ved Vågå Hotell er det reservert 20 sengeplassar til Naturvernforbundet denne helga. Ta kontakt på post@vagahotel.no. Førstemann til mølla.
  • Vågåvatnet feriesenter leiger ut hytter med god standard, ligg i utkanten av sentrum mot Vågåvatnet.
  • Sov Lodge er eit lite og kjempefint boutiquehotell midt i sentrum.
  • Smedsmo Camping leiger ut små hytter med enkel stand i utkanten av sentrum (gangavstand til kulturhus og hotell).
  • Elles i Vågå er det fleire fine "gardshotell" som leiger ut rom eller små "hytter" på garden, men da må ein ha bil for å komme seg til kulturhuset og hotellet. Interesserte kan kontakte Nelly Karidatter Einstulen for å få lenke til desse plassane; nellyeinstulen@yahoo.no

 

Artikkelen ble sist oppdatert: 02.09.2021