Du er her:

Vassdragtreff i Vågå

Fra 03.09.2021 kl. 19:00 til 05.09.2021 kl. 12:00

Naturvernforbundet inviterer til vassdragstreff i Vågå 3.til 5. september. Fokuset blir i år på Finna.

Finna vart verna mot kraftutbygging i Verneplan IV i 1993 på bakgrunn av store naturfaglege verdiar, kulturminneverdiar og friluftsinteresser. På treffet vil vi bli betre kjent med Finna gjennom synfaring og innlegg.

Det vil bli fokusert på korleis vi kan ta vare på verneverdiane i vassdraget samtidig som Vågå sentrum blir betre flaumsikra enn i dag.

Vi starter seminaret med å løfte blikket litt, og SABIMA vil gi oss noen tankar om korleis vi kan ta vare på naturmangfaldet og samtidig redusere klimagassutsleppa. Det blir innlegg frå ordføraren i Vågå om kommunens syn på flaumsikring, og frå NVE om ein muligheitsstudie for flaumdemping av Finna. Vidare vil Eidefoss Vannkraft fortelje om aktuelle flaumsikringstiltak.

Skåppå kunnskapspark skal presentere eit prosjekt om at tidleg varsling kan erstatte flaumsikring, og forskar Ulrich Pulg vil snakke om naturvennleg flaumsikring.

Seminaret i Våga kulturhus laurdag 04.09. avsluttast med ein paneldebatt med politikarar som deltakarar. Truls Gulowsen, Naturvernforbundets nyvalde styreleiar, deltar i debatten.

Som vanleg på vassdragstreffa blir det felles middagar og sosialt samvær.

MELD DEG PÅ HER!

Frist for påmelding er 10.august.