Nyheter

Sept 2019-Under bygging-Norsk Kylling

Energisentral, klimagass og utslepp til Orkdalsfjorden

Norsk Kylling har søkt om å etablere ein energisentral på 25 MW, basert på fossil gass (LPG/ propan) som reserve/ tillegg ved streng kulde eller når Thamshavn verk ikke kan levere varme (revisjonsstans etc). Sentralen blir berre i drift av og til, men fordi den er så stor, blir det forventa årlege utsleppet av klimagass ganske stort. 2.300 tonn årleg utslepp av CO2, tilsvarande 15% av utsleppet frå vegtrafikken i Orkdal. Norsk kylling søkjer i tillegg om utslepp av biologisk materiale frå slakteriets reinseanlegg og utslepp av varmt kjølevatn.

Avlys vindkraftplanen for Remmafjellet

Naturvernforbundet i Orklaregionen sendte 26.06.2019 høyringsuttale til Statkrafts søknad om utsetting av konsesjonen for Remmafjellet vindkraftanlegg, ikkje langt frå Geitfjellet som Statkraft har under bygging. Vi går sterkt mot anlegget, krev tilbaketrekking av konsesjonen og ber Statkraft om å trekke seg ut av dette.

Reguleringa av Strømtjønna til skade for Storlom

Naturvernforbundet sendte 20.06.2019 brev til NVE om reguleringa av Strømtjønna i Orkdal, som er til skade for raudlista storlom. Isen går tidleg i mai, og då startar hekkinga ganske raskt, men streng regulering av vatnet startar først 1. juni, alt for seint. I år ble reiret oversvømt.

Klage på vedtak om nytt utsleppsløyve for Washington Mills

Washington Mills produserer silisiumkarbid og produkt av silisiumkarbid. Bedrifta søkte om revidert utsleppsløyve, og Naturvernforbundet i Orklaregionen leverte høyringsuttale til søknaden. Vi ville mellom anna ha redusert utslepp til sjø og at det blir innført reinsing av gass og støv frå smelteomnane på line med dei krava som er stilte til konkurrenten, Saint Gobain i Lillesand. Miljødirektoratet gav nytt utsleppsløyve i februar 2019 og vi var spesielt misfornøyde med at det vart gjeve løyve til kva vi ser på som store utslepp av tungmetall til Skjenaldelva og Råbygdsfjæra. Vi har difor klaga på vedtaket.

Viser fra 1 til 4 av totalt 19 artikler