Nyheter

Tjønn H

Brot på verneforskrifta for Svorkmyran naturreservat er meldt til politiet

Naturvernforbundet i Orklaregionen meldte 28.08.2018 Chr. Salvesen og Chr. Thams Communcations Aktieselskab AS til politiet for brot på verneforskrifta for Svorkmyran naturreservat og brot på naturmangfaldlovas § 6, ved at naturreservatet har vore både oversvømt og tørrlagt i strid med verneforskrifta. Hytteeigarar i området, som følgjer med på fuglelivet, har ikkje sett at det har vore vellukka hekking i år.

Bever
Høyringsuttale sendt til Orkdal kommune 14.08.2018

Mot beverjakt i Orkdal

Det er foreslått å innføre jakt på bever i Orkdal. Naturvernforbundet har levert ein høyringsuttale der vi går mot beverjakt i Orkdal. Spesielt går vi inn for å halda Songli og Grytdalen utafor beverjakta, både ut i frå at Songli har ein spesiell status i arbeidet med å reetablere bever omkring i Noreg, og fordi Orkdal kommune, Naturvernforbundet, Grytdalens venner og mange andre går inn for at Grytdalen skal vera jaktfri sone. Dette er eit ledd i arbeidet med at Songli/ Grytdalen skal bli eit nasjonalt referanseområde for biologisk mangfald. Vi går i tillegg mot vårjakt på bever, då dette er tida då hobeveren er drektig og føder ungar.

Beverhytte Svorkmyran

Nedtapping av Gangåsvatnet - krav om revisjon av reguleringsvilkåra

Gangåsvatnet er nedtappa så sterkt at Svorkmyran naturreservat og andre våtmarksområde rundt Gangåsvatnet er tørrlagt. Verneforskrifta for Svorkmyran naturreservat har eit uttrykkeleg forbod mot tørrlegging. Vi har skrive brev til Fylkesmannen, som har forvaltningsansvaret for Svorkmyran, for å få avklart kva som er overordna, verneforskrifta eller reguleringsvilkåra frå 1922. Vi har også skrive til NVE og kravd revisjon av reguleringsvilkåra. NVE vil vurdere spørsmålet til hausten.

Viser fra 13 til 16 av totalt 20 artikler