Nyheter

Klage på vedtak om nytt utsleppsløyve for Washington Mills

Washington Mills produserer silisiumkarbid og produkt av silisiumkarbid. Bedrifta søkte om revidert utsleppsløyve, og Naturvernforbundet i Orklaregionen leverte høyringsuttale til søknaden. Vi ville mellom anna ha redusert utslepp til sjø og at det blir innført reinsing av gass og støv frå smelteomnane på line med dei krava som er stilte til konkurrenten, Saint Gobain i Lillesand. Miljødirektoratet gav nytt utsleppsløyve i februar 2019 og vi var spesielt misfornøyde med at det vart gjeve løyve til kva vi ser på som store utslepp av tungmetall til Skjenaldelva og Råbygdsfjæra. Vi har difor klaga på vedtaket.

Fylkesmannen avslo søknaden 27.07.2018. Vi uttalte oss i brev.

La oteren leve i Orkla

25.03.2019: NINA konkluderer med at oteren "kan tarrotta på minken". Naturvernforbundet i Orklaregionen gjekk i brev til Fylkesmannen mot søknaden om fellingsløyve på inntil 5 otrar i Orkla, slik det var offentleggjort i avisa Sør Trøndelag. Fylkesmannen avslo 27.07.18 søknaden om fellingsløyve: "Fylkesmannen gir avslag på søknad om felling av oter som tar laks i elva Orkla. Oter er klassifisert som en trua art, og laks er en naturlig matkilde for arten. I tillegg vektlegges at det er yngletid for oter."

Remmafjellet2

Brev til Statkraft om å trekke seg frå Remmafjelelt

29.11.2019: Naturvenforbunda i Trøndelag og Orklaregionen, Orkla Jeger og Fiskerforening, Trondheim Turistforening og Norsk Ornitologisk forening Trøndelag: Vi ber Statkraft Vind Utvikling DA trekke seg frå planen om å etablere vindkraft på Remmafjellet i Snillfjord og dermed bidra til at dette området blir bevart for oss og for framtidas generasjonar, både når det gjeld natur­verdiar, landskap og friluftsliv.

Grønøra_vest

Klage på vedtak: reguleringsplan for havn på Grønøra Vest

Naturvernforbundet i Orklaregionen og Norske Lakseelver har sendt felles klage på kommunestyrets vedtak 19.06.2019 om reguleringsplan for hamn på Grønøra vest. Klagen peiker på at det er ulovleg med slike store inngrep i munningsområdet i nasjonale laksevassdrag, at saksframlegget bryt med naturmangfaldlova, og at det er ny informasjon om forureining som ikkje er vurdert.

Viser fra 5 til 8 av totalt 20 artikler