Du er her:

Hogstflate. Foto: Jan Rune Paulsen.

Hogstflate. Foto: Jan Rune Paulsen.

"Bærekraftig" skogbruk?

Under tittelen: “Et av verdens mest bærekraftige skogbruk” har Ida Aarø i Norges skogeierforbund eit innlegg som verserer i mange lokalaviser rundt omkring. Skogeierforbundet har eit stort propagandaapparat som resirkulerer myten om at skogbruket i Norge er i verdstoppen når det gjeld berekraft.

Ho skriv at så godt som alt skogareal er miljøsertifisert, og at skognæringa sin eige miljøstandard PEFC inneheld ein rekke krav til korleis ein skal hogge og stelle skogen. Det er rett at standarden inneheld mange såkalla kravpunkt. Hovudproblemet er at i praksis blir ikkje desse kravpunkta følgd opp. Kravpunkta er formulert på ein måte som gjer at det er stort rom for tolking, og næringa er flinke til å finne smotthol.

Det er flest brot på kravpunkta som handlar om kantsone, livsløptre og val av hogstform. Livsmiljøet til trua artar blir heller ikkje tatt vare på. Naturvernforbundet i Buskerud har dei siste åra sendt mange klager, og me har anmeldt fleire tilfelle for brot på skogloven. Når me sender ei klage til kommunen for brot på skogloven, skjer det lite. Dei sit og ventar til hogstansvarleg har forklart seg og aksepterer deretter deira versjon utan å stille kritiske spørsmål.

Dersom me sender ei klage til sertifikathaldar, skogeigerandelslaget, på bakgrunn av PEFC-standarden, så er det særs sjeldan at dei er einige med vår tolking av regelverket. Når me så klager vidare i systemet til sertifiseringsselskapet, får me ikkje innsyn i korleis klaga vår er blitt handsama. Den informasjonen er det nemleg sertifikathaldar  som eig. Sjølv vedtak i Klagenemnda for Miljøinformasjon fører ikkje fram. Me får ikkje svar på korleis klaga vår er vurdert av sertifiseringsselskapet. Det er eit totalt lukka system, og klagehandsaminga blir ei farse.

Aarø skriv vidare at skogen blir kartlagt for miljøverdiar før hogst. Det er også riktig, men det viser seg at berre ein brøkdel av miljøverdiane blir registrert under den såkalla MiS- registreringa som skognæringa sjølv står for. Det er og vanskeleg å få innsyn i den vidare prosessen med kartlegging og registrering av nøkkelbiotopar. Heile systemet er lukka for andre enn næringa sjølv. Det skaper ikkje tillit.

Aarø skryt av at det er sett av 70 000 nøkkelbiotopar som skal sikre miljøverdiane. Dei fleste nøkkelbiotopane er altfor små til å redde livsmiljøet til dei trua artane, og det er heller ikkje nokon garanti for at dei ikkje blir øydelagd av hogst, vegbygging eller andre inngrep i skogen. 

Ei lita kveldstund på datamaskinen med flyfoto avslørde hogst i over 20 nøkkelbiotopar i Buskerud. Øydelegging av nøkkelbiotopar har ei strafferamme på fengsel inntil eit år, men politiet la bort saka, fordi skogbrukslova viser til den privatrettslege PEFC-standarden på dette punktet. Klage til kommunane førte heller ikkje fram. Det gjekk over to år før me fekk svar, og det viste at sertifikathaldar har all makt over nøkkelbiotopane. Dei kan slette, flytte og ordne med desse som dei vil, utan at allmenta får innsyn i prosessen.

Aarø skryt av frivillig vern-ordninga. Den har senka konfliktnivået etter konflikten rundt vern av Trillemarka, men har også sine svake sider. Det er skogselskapa som har fått eit stort ansvar for denne prosessen, og dei får godt betalt for arbeidet. Det er mykje dårleg skog som blir føreslått til vern, mens mykje av den mest verdifulle og rike skogen på høg bonitet blir halde unna vern. Follsjåområdet i Notodden er eit godt døme på dette. Her har ein funne gammal brannpåverka furuskog med internasjonale verneverdiar. Likevel går det føre seg hogst i desse områda, og store naturverdiar går tapt. Aarø hevdar at skogen i Norge har blitt ein stadig betre bustad for dei skoglevande artane.

Det er ein påstand som er tatt ut av lause lufta. Nær halvparten av alle trua artar er skoglevande, og nær 90% av desse er trua av skogbruket. Alle som har vore på ei hogstflate skjønar at flatehogst ikkje er bra verken for natur eller klima. Ei finsk forskingsgruppe leia av professor Sampo Soimakallio har gått gjennom mykje forsking og konkluderer med at hogst fører til store karbonutslepp, og det vil ta 100 år før balansen er retta opp.

Skognæringa må i stor grad slutte med flatehogst og bruke andre hogstformer i framtida. Dei må også i større grad respektere sitt eige regelverk, Norsk PEFC skogstandard, som etter revisjonen nå kjem i ei betre utgåve. Me trur likevel at det er naivt å tru at skognæringa sjølv ønsker å ta ei skikkeleg rydding så lenge dei får drive under prinsippet “frihet under ansvar”. 

Det er forståeleg at næringa nyttar det handlingsrommet dei har fått av styresmaktene, og som gjer at næringa i praksis får drive under prinsippet “frihet utan ansvar”. Det trengs at ansvarlege politikere tar grep og skjerper den utdaterte skogbrukslova. Det vil vera til gunst for både natur, klima og friluftsliv.

 

Martin Lindal - leiar Naturvernforbundet i Buskerud.

 

Artikkelen ble sist oppdatert: 21.07.2022