Du er her:

Sau på fjellbeite

Sau på fjellbeite.

Innlegg:

Bonden - eit klimaproblem?

Ein allereie sterkt pressa bondestand har fått mykje negativ fokus i klimadebatten den siste tida. Spesielt sau og storfenæringa er peika ut som klimaverstingar.

Forskarane  er samstemte om at drøvtyggarane er eit stort klimaproblem. Metangassen dei slepp ut når dei jortar er ein særs potent klimagass. Forskar Gaasland frå BI hevdar at biffdyr og sau er ekstremt lite effektive til å omgjere fòr til menneskemat i forhold til alt graset og kraftforet dei et. Eit naturleg spørsmål å stille er da: Finst det andre dyr enn drøvtyggarane og hest som er i stand til å omdanne gras til mat? 

Dersom me held liv i ein sau over vinteren er det stor sjanse for at han neste vår vil få to lam. Sauen stiller små krav til bolig, og treng ikkje kraftfòr for å overleve vinteren. Da eg, som gutunge, på 60 talet, dreiv med  sau saman med Besta i Sauda,  fekk ikkje sauene kraftfor i det heile tatt gjennom vinteren. Dei fekk høy og lauv for å overleve. Kraftfor var for dyrt og verdifullt til å sløsast med. Rett før lamming fekk dei litt brød og ein liten smak kraftfor. Sauen er spesialist på å omdanne plantekost til energi. Dersom me held liv i han gjennom vinteren vil han sannsynlegvis få to lam til våren.  Når me sender sau og to lam på 10 kg kvar på fjellbeite om våren, vil me kunne hente ned att to lam på ca. 50 kg kvar om hausten. Litt under halvparten er reint kjøt, -gratis produsert på fjellbeite, som Norge er fullt av.

Gaasland skriv at problemet er at sauen gjennom livet slepp ut for mykje metangass. Skal ein følgje det argumentet fullt ut må også elg, rein, rådyr og hjort vera eit klimaproblem. Nedskytinga av villreinen i Nordfjella på grunn av skrantesjuka var i realiteten eit utilsikta klimatiltak. Regjeringa må snarast får det inn i klimarekneskapen sin.

Gaasland seier at sauekjøt basert på kraftfor er betre for klimarekneskapen. Gjeld det kloden sin totalrekneskap, eller er det berre Norge som er med i berekninga? Blir det som med soyabasert importert diesel? Det fører til at regjeringa kan skryte av at utsleppa har gått ned, men realiteten er kanskje at utsleppa i verda har auka på grunn av dette. 

Når  me skal diskutere klima og klimatiltak er det viktig å ha fleire tankar i hovudet samtidig. Me skal  nå 1,5- graders-målet, men skal samtidig  også produsere mat, og unngå å øydelegge det biologiske mangfoldet. Dyrevelferd bør også med i reknestykket.  Med unnatak av enkelte hobbyhestar er det sau som har best livskvalitet blant husdyra våre. Slaktelamma lever eit ubekymra liv  i utmarka mesteparten av livet sitt. Dyr i utmarka bidrar til å opprethalde kulturlandskapet, og  det fører til høgare karbonbinding i jorda. Det blir eit reknestykke med mange variablar, og svaret er avhengig av kva ein vektlegg mest.

Nyleg kom nyheten om at stortingsfleirtalet har stemt ned eit forslag om å stoppe planlegginga av  ein tredje rullebane på Gardermoen. Vedtaket baserer seg på prognoser om at flytrafikken vil auke sterkt i framtida. Viljen til å gjera noko med dette aukande problemet er liten. Det er enklare å plage bøndene. Det ser ut til at måten dei skal overleve i framtida er ved å selje hyttetomter og bygge hytter.

Tusenvis av hytter har blitt bygd dei siste åra, og behovet ser ut til å vera umetteleg.

Nokon burde rekne på kva konsekvenser dette har for klimaet, og ikkje minst for det biologiske mangfoldet.

Sjølvsagt må me eta mindre kjøt i framtida, men kjøtet me et, må vera basert på lokale ressurser, og til ein pris som gjer det mogeleg å leve av landbruk i distrikta. Slik det er nå kan bonden risikere å bli skyldig slakteriet når han leverer ein vaksen sau til slakt.

Martin Lindal -  leiar Naturvernforbundet i Buskerud.