Du er her:

Innlegg:

Bukken vil framleis passa havresekken.

I Klassekampen 31.1 svarer Viken Skog på Naturvernforbundet i Buskerud sin kritikk av norsk skogforvaltning i avisa 27. januar. Hallgren og Bjella i Viken Skog hevdar at me kjem med sterk kritikk, og mange påstandar som omhandlar selskape

Etter vårt syn gir me ein dokumentert beskrivelse av situasjonen i næringa, og først og fremst ein sterk kritikk av styresmaktene som lar dette skje. At det private næringslivet, som Viken Skog, bruker det handlingsrommet dei får er naturleg. Dei må jo konkurrere med andre selskap om oppdrag hos skogeigarane.

Vår kritikk mot Viken var at dei nekta oss innformasjon om ein del nøkkelbiotopar som var hogde. I svaret sitt prøver dei å forklare manglande informasjon med personvernhensyn. Det er eit vikarierande argument, og Miljøklagenemda skar heldigvis gjennom. At det måtte to vedtak til i nemda, fortel om ei næring som vil halde korta tett til brystet.

Viken hevdar at skogeigarane frivillig har avsett nøkkelbiotopar på eigedomane sine. Sanninga er at det er nødvendig for å få seld tømmeret sitt som miljøsertifisert. Viken peikar vidare på at dersom dei høgg nøkkelbiotopar, må innteninga overførast til ein veldedig organisasjon.

 Det er inspirerande for oss at innsatsen vår kan føre til betra økonomi for ein organisasjon som Redd Barna.

Det er riktig at alt tømmer som blir seld er sertifisert etter PEFC -standarden, men det er ein standard som næringa sjølv  utformar, og der kravpunkta inneheld særs tøyeleg språkbruk. Dette åpnar for stor grad av skjønn, og gjer det vanskeleg å peike på klare brot på regelverket.

Viken Skog bytta ut sitt sertifiseringsselskap Veritas med svenske Intertek for nokre år sidan.

Dei ulike skogselskapa står fritt til å velja sertifiseringsorgan. Me har sendt brev om ulike saker til Intertek, men har ennå til gode å få livstegn tilbake. Det er lite tillitsvekkjande.

Viken viser til IPPC, og vil auke hogsten for å redde klima og naturmangfald. Med det tidsperspektivet me har for å redusere klimautsleppa i tide, er auka hogst eit dårleg tiltak.

Berre litt over 2% av skogen er over 160 år. Norsk skog er relativt  ung og har stor evne til å binde CO2. Dessutan er hogst ein større trussel mot naturmangfaldet enn klima.

Naturvernforbundet er ikkje, som Viken insinuerer, i mot at me skal hogge i skogen, men det må tas større miljøhensyn. ⅔ av skogen er allereie flatehogd.  I denne plantasjeskogen  kan det drivast flatehogst. I eldre skog, som er lite påverka av hogst, såkalla naturskog, lever 20000 arter.

Mange av dei er raudlista. Hogst i slike skogar kan føre til store tap av artsmangfald. Her må det vurderast vern. Dersom det ikkje er aktuelt må det opprettast fleire nøkkelbiotopar, og  dersom det skal hoggast må andre hogstformer enn flatehogst brukast.

I ei tid der tømmerprisane er rekordhøge burde det vera rom for å tenke økologi, ikkje berre økonomi.

Martin Lindal - Naturvernforbundet i Buskerud.