Du er her:

Innlegg:

Etter oljealderen.

Kjell Nilsen har eit innlegg i DT onsdag 27.mars der han går gjennom ein del fakta om klima. Kildene er BP, Rystad Energi, og Jon Hustad. Nilsen sin konklusjon er at norske utslepp er så små at det ikkje har betydning for klimaet uansett. Det er Kina og India som er problemet.

Nilsen har rett i at store land er viktigare i denne samanheng enn Norge, men det fritar ikkje oss frå å gjera tiltak. Det er ingen som vil leggje ned oljeindustrien i morgon, men det er fleire og fleire som synes det er galskap å bruke milliardar på å leite etter ny olje, når verda er einige om at det allereie er funne meir olje enn me kan brenne opp , - dersom me skal halde temperaturauken under 2 grader. Investeringar i nye oljefelt kan fort vera bortkasta pengar.

Sjølv om alle land gjennomfører klimamåla sine(innmeldte nasjonalt fastsette bidrag) er verda på veg i mot ei global oppvarming i 2100 på 3 grader, nesten det dobbelte av måla i Paris-avtalen. Dette vil gi skadeverknader som kan kaste verda ut i kaos; omfattande ødeleggjing av økosystem, sultkatastrofar, flaumar, massive folkeforflytningar, konfliktar og politisk destabilisering. Skal me unngå dette, må alle ta eit tak. Etter mi oppfatning har Norge eit spesielt stort ansvar. Me er blant verdas rikaste, og har blitt det på grunn av at det vart funne olje i Nordsjøen på 60-talet. Me har vore framsynte og bygd opp eit stort pensjonsfond. Det gjer at me har eit handlingsrom, som andre ikkje har. Eg trur alle, sjølv Schøtt Pedersen, innser at oljealderen før eller seinare vil, og må ta slutt. Det er betre å planlegge ei styrt avslutning enn å satse på ein marknads- kollaps. Professor i økonomi Mariana Mazzucato er på besøk i Norge. På ein konferanse i Trondheim sa ho at staten bør bruke oljefondet til å drive fram det “grøne skiftet”.

Markedet kan ikkje gjere jobben. Norge har 8.000 mrd. på bok, og kan bruke delar av dette til å investere i grønne arbeidsplassar. Me bør kunne bruke av oljefondet både til transport, infrastruktur og industri for å utvikle nye arbeidsplassar som får utsleppa ned.

Ungdomen er urolige for framtida si og demonstrerer for klimatiltak som monnar.

14 år gamle Penelope Lea hadde eit innlegg på konferansen “Broen til fremtiden” i forige veke.

Ho starta innlegget sitt med desse orda: “I 2030 er jeg 25 år. I 2050 er jeg 45. Og jeg tror de fleste som er her skjønner hvilke forskjellige virkeligheter vi snakker om for de årstallene. I de siste dagene har jeg tenkt at jeg ville og måtte snakke med dere om tillit. For over hele Norge står det nå barn og unge med en frustrasjon og et sinne og en kampvilje dere må ta på alvor. Jeg opplever at barn og unge både er fulle av håp og redde på én gang, og jeg vil fortelle dere hva som har skjedd med min følelse av tillit til deler av voksengenerasjonen i de årene jeg har jobbet med miljøvern.»

Ord til ettertanke for oss godt vaksne, som har skumma fløyten.

 

Martin Lindal - Naturvernforbundet i Buskerud / Besteforeldrenes Klimaaksjon.