Du er her:

Hogstflate

Klimatiltak i Hemsedal? 1000 mål stor hogstflate. FotoML.

Innlegg:

For seint å vera pessimist.

Det er over 30 år sidan at Nils Fårlund sa:” Det er for seint å vera pessimist”. Replikken kom etter at eg hadde uttrykt uro for naturen og naturmangfoldet. Det er sikkert for seint å vera pessimist, men når eg les i Klassekampen 14.3 at regjeringa vil auke hogstkvantumet med 50%, er det vanskeleg å vera optimist. Regjeringa har latt seg overbevise av propagandaapparatet til skognæringa om at auka hogst er eit godt klimatiltak.

Skog og klima
Vedtaket i regjeringa basererer seg på ein fersk rapport fra NIBIO og Miljødirektoratet. “Vi trenger skog for å lykkes med det grønne skiftet”, seier Klima- og Miljøminister  Ola Elvestuen. Det har han rett i, men eg meiner at me må ha ståande skog for å lukkast. Ståande skog vil binde karbon i lang tid framover. Me har inga tid å mista.  Det er berre ca 10 år  til utsleppa skal vera halverte, dersom målet er ei oppvarming under 1,5 grader.  På den korte tida, me ifølgje forskarane har,  viser modellutrekningar at auka  hogst gir eit karbonregnskap som kjem dårlegare ut, samanlikna med å oppretthalde same hogstkvantum som i dag.

Dette sentrale poenget er ikkje drøfta i rapporten frå NIBIO og blir underkommunisert fra både næringa og politikarane. Det er dette karbonregnskapet, med 30-40 års horisont som burde vera styrande for skogpolitikken framover.  I staden har regjeringa høyrt på  næringa sitt  budskap om at auka hogst er bra for klimaet. At regjeringa som vanleg tenkjer butikk  framfor klima er ikkje overraskande. Verre er det at Fylkesnes i SV er på same linja. ”Vi er ikkje i mot å auke  hogsten berre det blir gjort på ein skikkeleg måte“ seier han.

Skogbruk og artsmangfold
Her er Fylkesnes inne på ei viktig sak. Slik hogsten blir driven i dag er det ein stor trussel mot det biologiske mangfoldet. Skognæringa har sjølv ansvar for miljøregistreringa, regelverk for utføringa av hogsten, og til slutt eigenkontroll. Skogeigarane kan i stor grad drive på som dei vil utan inngrep frå styresmaktene.

Naturvernforbundet har avdekka hogst som har truga artsmangfaldet, nøkkelbiotopar, tiurleikar og rovfuglreir utan at det har fått konsekvensar for skogeigar og tømmerkjøpar. Politiet følgjer ikkje opp anmeldelsar av ulovleg hogst, og skogbrukssjefane vil  ikkje ta ansvar. Fylkesmannen har konstruert eit system, som gjer det umogeleg å klage når skogbruksjefane ikkje finn grunn til reaksjon. Når Naturvernforbundet avslører ulovleg bygde skogsvegar, får skogeigaren søke om løyve til å bygga vegen i etterkant. Det kjem ikkje fram i sakspapira at vegen allereie er ulovleg bygd, og søknaden blir utstyrt med klagefrist som normalt.

Skogen er ein viktig arena der mange interesser møtes, og konfliktane er store. I norske skogar lever det 20 000 kjende arter. Dei fleste av desse lever i naturskog, det er skog som tidligare ikkje er flatehogd.  Den skiller seg fra ein plantasjeskog ved at den har ein meir variert struktur, er eldre, og har ein større mengde død ved. Om lag 75 % av skogane våre er i dag eit resultat av flatehogst, men ennå står noko gammalskog med naturskogkvalitet igjen.

Med auka avvirkning kan resten av naturskogen vera borte på 30-40 år. Det vil få store konsekvensar for det biologiske mangfoldet.

Som kompensasjon for auka hogst vil ministeren auke vernet. I skog som fortsatt skal drivast, skal  det vera som nå, økonomi overstyrer økologi. Det er uholdbart.

Dersom det ikkje skal føre til tap av store naturverdiar må regelverket for hogst strammast kraftig inn, og kontrollen med at regelverket blir følgd, må bli mykje betre enn i dag.

Auka hogst er hverken bra for klimaet, eller naturmangfoldet.

Martin Lindal - Naturvernforbundet i Buskerud.