Du er her:

Innlegg:

Greta Thunberg skaper debatt.

Lektor Sven Røgeberg har i DT.4.10 ein lengre kronikk om Greta Thunberg og klima. Mange er opptatt av Greta Thunberg, og har meiningar om den 16 år gamle jenta. Sven Røgeberg har også det..

Det er vanskeleg å få tak i kva budskapet i kronikken hans er, men etter å ha lest den eit par gonger, er det litt klarare. Kronikken har to hovedbudskap: Det eine er kritikk av Greta Thunberg sin stil og tale til FN. Det andre er ein hyllest til det økonomiske systemet som rår.

 Røgeberg skriv at “Greta Thunberg bærer ved til  polariseringsbålet, fyrer opp under generasjonskonflikter og forestillingen om at en elite av rike og mektige er skyld i miljøøydeleggjinga og klimakrisen”. Han insinuerer  at Greta Thunberg meiner at foreldre, oljedirektørar og politikarar er onde. Dette er tøv, Greta Thunberg har ikkje sagt  noko som kan tolkast slik.

I talen sin til  FN -toppmøtet held ho seg til kunnskap fra FN sitt klimapanel og Naturpanel. Ho reagerer med sterke følelsar på at politikarane framleis ser ut til å vera meir opptatt av økonomisk vekst enn å løyse ei klima og miljøkrise , som blir meir og meir tydeleg dag for dag. At Greta Thunberg, av den grunn foraktar penger og økonomisk vekst, er ei tolkning det ikkje er dekning for. Greta Thunberg, og mange andre unge rundt om i verda, er oppriktig bekymra for framtida si. Dei vil sannsynlegvis vera den første generasjonen på svært lang tid, som vil få dårlegare levekår enn føregåande generasjonar, og dei stolar, med god grunn, ikkje på at vaksengenerasjonen greier å løyse problemet. Me styrer nå mot 3-4 grader auking av temperaturen innan 2100, istadenfor 1,5 grader som var målet i Parisavtalen. 

Røgebrg skriv at fossilenergien har vore ei velsigning for verda. Den har ført til eit betre liv for mange og løfta folk ut av fattigdom. Det er dei fleste av oss einige med han i. Han er sterkt bekymra for at ein forsert utfasing av fossilenergien vil føre til at menge fattige land vil henge etter i utviklinga.

Det er ei bekymring som mange har hatt lenge, i ei verd med stadig aukande skilnader.  Meiner Røgeberg at me skal halde fram med auka forbruk og satse på at dei fattigaste tar oss igjen, eller skal me halde fram til dei har nådd det nivået me har i dag, og me har dobla forbruket vårt eit par gonger til?

Allereie i 1972 skreiv Jørgen Randers og fire andre forskarar rapporten: Limits to growth, som var eit varsel om situasjonen me har havna i. Det er snart 50 år sidan, og lite har skjedd med politikken.

Røgeberg skriv, og rettar peikefingeren mot Greta Thunberg:” Istedet for refsende profeter, som hever sin moralske pekefinger mot andre, trenger vi en samtale om hvordan vi alle sammen er medansvarlige for tingenes tilstand.”

Nei, nå er det ikkje tid til meir snikksnakk. Handling må til. Ei ønska økonomisk politikk har ført oss mot økologisk kollaps. Det må eit systemskifte til, der økonomien er underlagt økologiske prinsipp, og ikkje fører til overforbruk av ressursene på jorda.

 

Venleg helsing Martin Lindal -  Leiar Naturvernforbundet i Buskerud.