Du er her:

Innlegg:

Hogst av kantsone.

Vegetasjon langs elv og vatn kallast kantsone. Kantsona har ein viktig funksjon for å redusere avrenning til vassdrag, redusere erosjon, og av hensyn til biologisk mangfold både ved og i vassdrag.

Det gjeld blant anna tilførsel av organisk materiale til vannlevande organismer, og for å gi skyggeeffekt til fisk. Ein godt fungerande kantsone består av gras, buskar og tre.

Kantsoner langs vassdrag er beskytta i vannressursloven §11, og i laks og innlandsfiskeloven.

Myndighet for å gi dispensasjon til å hogge i kantsona er delegert til Fylkesmannen. Mange stader i Buskerud blir det hogd allikevel, utan dispensasjon. Naturvernforbundet i Buskerud har fått fleire meldingar om hogst i kantsona langs Lågen. Naturvernforbundet har anmeldt fjerning av kantsonen langs Dørja i Øvre Eiker. Saken blei dessverre liggjande så lenge hos politiet at saken blei forelda, sjølv om det finst dommar i liknende saker som burde skapt presedens. I ein dom i Borgarting lagmannrett fekk Tomb landbruksskule og teamleiaren deira bot på tilsaman 60 000 kr for å hogge 60m. kantsone. Politimesteren i Vestfinnmark idømte ordføraren i Porsanger ei bot på 100 000kr for blant anna fjerning av 350m. kantsone langs Brennelva.

I Sigdal har kommunen gitt 100 000 i tilskot for å betre utsikten til Haglebuelva.

Vegetasjonen er fjerna  i lengre strekk i fem områder , utan at søknad er sendt Fylkesmannen.

Denne saken er under behandling.

I forbindelse med valkampen legg eg merke til at Kongsberg Høgre vil gjere elva meir attraktiv. Kva som ligg i det er ikkje lett gjette seg til , men det er vel ein viss fare for at det vil gå ut over kantsonen. Vårt syn er at elva er mest attraktiv når elva og naturen rundt får leve sitt eige liv, utan for mykje påverknad. Det er iallefall best for det biologiske mangfoldet.

 

 

Naturvernforbundet i Buskerud - Martin Lindal leiar.