Du er her:

Kantsone

Innlegg:

Hogst av kantsone.

Det er særs mangelfull kunnskap om hogst av vegetasjon langs vatn og vassdrag, også blant dei som burde vite betre. Denne vegetasjonen har ein viktig økologisk funksjon.

Den skal hindre avrenning, redusere erosjon, og den er særs viktig for organismane som lever i vatn. Den gir skjul og skygge, og den tilfører næring til vassdraget.

Ei godt fungerande kantsone består av gras, buskar og tre.

Naturvernforbundet i Buskerud får mange meldingar om hogst av kantsone rundt omkring i Buskerud. Grunngjevinga for hogsten er mangfoldig. Det kan vera ønske om meir utsikt, rydde for å få betre tilgang, eller rett og slett fordi dei synes busk og kratt er i vegen når dei driv landbruk.

Me har også hatt fleire konflikter med skognæringa om dette.
På grunn av diskusjon om lovverket, ba Naturvernforbundet Fylkesmannen i Oslo og Viken om ei avklaring. I svaret var Fylkesmannen klar på at Vannressurslova overstyrer anna lovverk på området.

Vannressurslova stiller konkrete krav til å oppretthalde kantsona. Det er lov å skjøtte ei kantsone, men den skal ha ein økologisk funksjon også etter skjøtsel.Det er lov å ta ut store ustabile tre, men det er viktig at lauvtre med ulik alder og høgd blir ståande.

Det er Fylkesmannen som er vassdragsmyndighet, og det er bare Fylkesmannen som kan gi dispensasjon om hogst i kantsona. Ved ein eventuell dispensasjon vil han setje vilkår for korleis hogsten skal gjennomførast. Kommunen kan altså ikkje gi ein slik dispensasjon.

Alvorlege brudd på Vannressurslaova §11 kan føre til store bøter. Løvensskjold Vækerø AS fekk i 2015 ei bot på 100 000 for hogst av kantsone i Bærum kommune.

Me forventar at lovverket blir følgd i framtida, og at kantsona får stå i fred.  Den har ein viktig økologisk funksjon for livet i vassdraga.

Naturvernforbundet i Buskerud - Martin Lindal leiar.