Du er her:

Innlegg:

Klimafornekting.

I svaret sitt tysdag 22. oktober drar Hallgrim Berg fram soga om Ole Henrik Ellestad.Foreininga av tidlegare stortingsrepresentantar hadde invitert til ordskifte om klima.

Ellestad var invitert for å  debattere mot ein av dei glupaste talsmennene frå Cicero. Slik eg tolkar Berg, var Ellestad ein klar vinnar av debatten. Det var David sin kamp mot Goliat, ifølge Berg.

Det er urovekkjande at ein  tidlegare stortingspolitikar, med fleire periodar bak seg, har så liten evne til refleksjon og kildekritikk. Ellestad er tidlegare professor i kjemi, og har aldri drive med klimaforskning. Han driv ein lettvint omgang med faglitteratur og vitskap. Selektive utplukk blir brukt til å underslå, at det faktisk går føre seg ei global oppvarming. Ellestad er tidlegare leiar av “Klimarealistene” - eit meir presist navn på foreninga ville vore klimafornektarane, noko som dei også blir kalla på folkemunne. Det er ei gruppe som driv systematisk resirkulering av myter og konspirasjonsteoriar. Stort sett er det gamle menn, som aldri har drive med klimaforskning. Sist helg var Europa sine klimafornektarar samla til konferanse i Oslo. Under den svulstige tittelen: “European Climate Declaration” erklærte dei at det ikkje finst ei klimakrise. 700 personar skreiv under på oppropet. Frå Norge var det 17 deltakarar, hovudsakleg den harde kjernen fra “klimarealistene”, 16 menn og ei kvinne. Ingen av desse er klimaforskarar, -gjennomsnittsalderen  er  71 år. Oppropet fra konferansen oppfordrar til ein mindre politisert vitskap, og ein meir vitskapeleg politikk. Det kan eg slutta meg til.

Eg tolkar det som sjølvkritikk frå “Klimarealistene”.

Martin Lindal - Naturvernforbundet i Buskerud.