Du er her:

Innlegg:

Klimaoptimistane

I ein kronikk i DTBB lørdag 22.6 kjem ordføraren og Høgre sin ordførarkandidat ut av skapet som klimaoptimistar. Det er meir enn 30 år sidan at økofilosofen Nils Faarlund hevda at det var for seint å vera pessimist. Om ein er pessimist eller optimist betyr lite. Det som er viktig er kva som blir gjort.

Drammen bystyre fatta vedtak om å setje klima på dagsorden, men ville ikkje bruke ordet klimakrise. Opdal Hansen og Haaning skriv at me har ei klimautfordring, men inga krise.

"Det er vår plikt å føre en klimapolitikk som gjør at våre bekymrede unge kan være klimaoptimister og tro på fremtiden". Det kan me slutte oss til, men det er vanskeleg å ta dei på alvor etter at Høgre sørga for at bypakka forsvann som dugg for sola. Redselen for å miste stemmer til bompengepartiet var så viktig at bypakka, som dei sjølv for kort tid sidan hevda var nødvendig for god byutvikling, måtte ofrast.

Slik oppførsel fører ikkje til mindre bekymring hos nokon av oss som er bekymra for framtida.

Klimaoptimistane Opdal Hansen og Haaning har klokketru på markedet. Markedet skal fikse dette, berre gulrøtene blir store nok. Like viktig er det at veksten må halde fram som før. Velferden vår er avhengig av stadig vekst hevdar dei. Problemet er at vekst fører til auka forbruk og overforbruk av natur.

FN sitt naturpanel kom med ny rapport tidlegare i år. Den viser at me ikkje berre har ei klimakrise, men og at me utrydder andre arter i stort omfang.

Ein av dyregruppene som har størst problem er insektene, men mange andre grupper har også stor nedgang. Her er ikkje hovedårsaken klimaendringar, men vår bruk av jordkloden. Nedbygging, matproduksjon og forurensing er dei viktigaste faktorane.

Eit anna problem med stadig vekst er at utslepp og BNP ser ut til å henge saman. Globale utslepp har auka akkurat like mykje som summen av BNP i alle verdas land sidan 1990. Dvs. ca 70%.

Forholdet mellom utslepp og vekst har ligge fast sidan 1970 utan tegn til endring dei siste 10-20 åra.

Opdal Hansen og Hanning bruker teslasatsinga som eit eksempel.

Dei siste åra har me hatt ein voldsom auke av Tesla og andre elektriske bilar, men samtidig har talet på bilar auka, og det same har utsleppa.

Dei ber oss å spørre skogeigarforbundet om råd. Ja som ein ropar i skogen får ein svar. Skognæringa har allereie fått gjennomslag for ei stor auke i hogsten. Grunnen til det er at nokre forskarar har funne ut at ny plantasjeskog vil binde meir karbon i framtida. Tre kan også erstatte ein del produkt me brukar i dag. Problemet er at flatehogst i dag fører til utslepp fra jordsmonnet, og ny skog vil ikkje ta opp karbon i stor grad før om mange tiår. Det er tid me ikkje har til rådighet, dersom me skal nå klimamåla.

I tillegg fører flatehogst til store tap av biologisk mangfold.

I Kleivi i Hallingdal har dei ein trepelletsfabrikk. Viken skog er medeigar i denne, og leverer tømmer dit. Mange skogeigarar i Hallingdal sel nå tømmeret sitt til Nortømmer. Dei leverer sliptømmeret sitt i Sverige.

Tømmer fra Hallingdal blir altså frakta forbi pelletsfabrikken og køyrd til Sverige.

Det er bra for Nortømmer,  bra for skogeigaren, som kanskje tjener nokre hundrelappar ekstra, og bra for svenskane, men det er negativt for klimaet. Slik fungerer markedet. Klima er ofte taparen. Me har ti år på oss til å halvere utsleppa. Fram til i dag har utsleppa  auka.

Mykje tyder på at markedet ikkje greier å løyse klimakrisa på eigen hand.

Det må politisk styring inn i stor grad. Opdal Hansen og Haaning vil at "det grøne skiftet "skal kome utan at me merkar det. Å tvinge gjennom adferdsendringar blir utriveleg og kostbart hevdar dei.

Dersom me ikkje tar tak nå, og løyser problema, vil konsekvensane bli mykje verre enn litt utriveleg. Innlegget til Opdal Hansen og Haaning viser at dei satsar på tåketale og uklare løysingar. Det fører ikkje til mindre bekymring for framtida.

 

Natur og Ungdom Drammen -  Luna kjærstad Askim

Naturvernforbundet i Buskerud - Martin Lindal.