Du er her:

Innlegg:

Kunnskapslaust om Ringeriksbanen.

Finn Halling svarer i Hallingdølen 9.2 på MDG og Margit Fausko sine tidlegare innlegg i same avis om Ringeriksbanen. Fausko vil skrote heile fellesprosjektet(jernbane og motorveg) og starte på ny frisk.

Halling startar med god gammal herskarteknikk og hevdar at Margit er så ung og fersk at ho ikkje har fått med seg at det har vore diskutert fleire traséval tidlegare. Margit Fausko veit sjølvsagt at det var utgreidd fleire traséalternativ for Ringeriksbanen, og at Stortinget allereie i 2002 vedtok at det beste og minst naturøydeleggjande alternativet var traséen om Åsa. I 2013 gjorde regjeringa om dette vedtaket og bestemte også at det skulle byggjast firefelts motorveg parallellt med banen. Trass i klare åtvaringar frå Miljødirektoratet og det internasjonale Ramsarsekretæriatet for våtmark, blei den nåverande traséen vald.

 

Teknisk krevjande og stor prisauke
Den går rett gjennom eit våtmarkområde med internasjonal verdi og er verna etter Ramsarkonvensjonen. Vern har tydeleg ingen verdi når samferdselsminister Solvik Olsen, Frp, har behov for å vise handlekraft. I 2015 hadde dei fire partitoppane Jensen, Solberg, Skei Grande og Hareide stor kakefest på Sundvollen for å feire at prosjektet snart var fullført.

Etter det har det lite skjedd. Det har vist seg at det er teknisk krevande å bygge jernbane og motorveg gjennom våtmark, og kostnadsoverslaget har gått kraftig opp. Sidan 2018 har prisen auka med 16% i tillegg til normal prisauke.

Halling hevdar at det er mijøvenleg å bygge firefelts motorveg ved sida av jernbanen fordi bilane i framtida vil vera utsleppsfrie.

Det finst dessverre ikkje utsleppsfrie bilar, fordi produksjonen av ein el.bil fører til store klimautslepp og krev bruk av mineral som snart er er mangelvare på kloden.

Halling meiner og at den planlagde motorvegen vil vera kjekk for alle dei «hundretusener» som har hytte i Hallingdal. Kor har han det frå at «hundretusener» har hytte i Hallingdal? I heile Norge var det

437 833 hytter og andre fritidsbustader i 2020.  I følgje ein artikkel i Hallingdølen 2.3.2019 var det på det tidspunktet 18506 hytter i Hallingdal.

Sjølv om uybygginga går skremande fort, tvilar eg på at hyttetalet er over 20 000 i dag.Har det gått i surr med nullane, Halling?

 

Ei blindgate
Uansett korleis ein snur og vender på det vil ein firefelts motorveg parallellt med jernbanen vera ein direkte konkurrent til toget, og det kan ikkje vera miljøvenleg. Halling ber Fausko dokumentere at det er skadeleg å leggje jernbane og motorveg gjennom våtmark. Han hevdar at det er bygd jernbane gjennom både Fokstumayra og Nordre Øyern våtmarksreservat utan at dei blei øydelagde. Halling kjenner tydelegvis ikkje til fakta om kva rolle myr og våtmarksområde har for naturmangfald og klima.

Myr har fått ein heilt ny status som naturtype dei seinare åra. Frå å vera noko totalt unyttig, har ein fått augene opp for kor viktig myr er fordi den er levestad for mange artar, den syg opp vatn ved flaum og gir det frå seg i tørre periodar.

Myr lagrar karbon i store mengder, og dette blir frigjort når ein grev i myra og det kjem oksygen til. Regjeringa har lagt ned forbod mot nydyrking av myr, og det er sett i gang mange prosjekt for å restaurere våtmarksområde. Samtidig går det føre seg øydelegging av myr i stor skala på grunn av andre aktivitetar, som vegbygging. Det er eit paradoks. Det er som om den eine hjernehalvdelen ikkje har kontakt med den andre.

Naturvernforbundet i Buskerud er enig med MDG i at fellesprosjektet (Ringeriksbane og motorveg) har havna i ei blindgate.

Det er og konklusjonen i ein rapport frå Marstrand og Møreforskning som Samferdselsdepartementet og Finansdepartementet her bestilt for å få ei ekstern gransking. Føresetnaden for prosjektet er betydelig endra sidan val av konsept, og tidlegare beslutningar er dermed baserte på mangelfullt grunnlag. Sjølv om prosjektet har vore greidd ut over mange år, ber beslutningsprosessen preg av politisk hastverk.  Bane NOR og Statens vegvesen har aldri fått anledning til å gjera gode «ovanfrå og ned»-utgreiingar, dvs. ei konseptvalutgreiing og ein kommunedelplan med val av korridor. Rapporten trekker også fram potensialet til innsparingar ved prosjektet. Det gjeld å bruke pengane på smartast mogeleg vis. Denne rapporten bør føre til at politikarane nå tenker seg om. Sjølv om dette prosjektet har ei lang historie, skal dei vala me gjer i dag stå seg i eit hundreårsperspektiv. 

Naturvernforbundet i Buskerud -Martin Lindal