Du er her:

Apollosommerfugl. Foto: Per Furuseth.

Apollosommerfugl. Foto: Per Furuseth.

Leveområdet til apollosommarfugl er flatehogd

Eit viktig leveområde for den freda apollosommarfuglen er flatehogd i Klevarudnattlia. Området ligg i lia på austsid av Nesbyen.

Hogst i Klevarudnattlie. Foto: Per Furuseth.
Hogst i Klevarudnattlie. Foto: Per Furuseth.

Ei synfaring i området sommaren 2020 viste ein stor bestand av apollosommarfugl. Området blir omtalt som tørr, kalkpåvirka furuskog med store kvalitetar. Det var mange eksemplar av smørbukk, planta som larven til apollosommarfuglen er avhengig av. Den vaksne sommarfuglen må ha nektar fra tistlar og knoppurt. Det finn dei mange stader i Nesbyen.

Sjølv om apollosommarfuglen står på raudlista som nær trua, og er totalfreda, finst det ikkje lovverk som kan hindre at leveområdet blir øydelagt. Når ein driv flatehogst i eit slikt område vil det føre til endra livsvilkår for planter og dyr. Dersom dette gjer at smørbukk-planta ikkje lenger overlever, vil det også føre til at området ikkje eignar seg som oppvekstområde for apollosommarfuglane. Dersom ein derimot hadde gjennomført ein varsam plukkhogst, kunne ein tatt ut dei største skogverdiane utan å øydeleggje levekåra for apollosommarfuglen.

Nyare undersøkingar viser at insektbestandane rundt omkring i verda er sterkt reduserte. Det er viktig at me får på plass lovverk som i større grad vernar dyr og planter mot tiltak som øydelegg leveområda deira. Mangfaldet i naturen og dermed framtida for oss alle, blir meir usikker når hogst blir gjennomført slik det har blitt gjort i Klevarudnattlia.

 

 

Per Furuseth, Martin Lindal - Naturvernforbundet i Buskerud.

Artikkelen ble sist oppdatert: 17.11.2021