Du er her:

Innlegg:

Naturlege klimaendringa?

Torbjørn Pettersen har i DT.12.7 eit innlegg om klimaendringar. Han titulerer seg som sivilingeniør, og upolitisk klimarealist.

Sivilingeniør er han sikkert, men å vera upolitisk, samtidig som ein skriv slike innlegg er umogeleg. Dette er politikk. Han betegner seg også som klimarealist. På mange måtar er realist eit positivt lada ord, ein  som forholder seg til fakta, og ikkje rotar seg bort med følerier og myter. Ein betre betegnelse på Pettersen, og gruppa han er ein del av, ville heller vere vitskapsskeptikar.

Han hevdar at FN sitt klimapanel og forskarane i Noreg er ein del av ein større konspirasjon. Heile klimaproblemet er eit påfunn, eller at 99 % av verdas leiande forskarmiljø tar feil. Han kallar også konsekvent CO2 for livsgassen, fordi den er ein grunnstein i fotosyntesen. Nå er det slik at dei fleste gassar  kan vera livsgass eller dødsgass, det er konsentrasjonen som kan avgjere det. Slakteria bruker CO2 til bedøving av gris før avliving. For grisen er altså CO2 ein dødsgass.

Pettersen drar fram den same gamle historien om varmeperioden i vikingtida og kuldeperioden i middelalderen.

Det er sjølvsagt ikkje ukjend stoff  for forskarane, som heller aldri har hevda at dette skuldast CO2.

Sidan den industrielle revolusjon har CO2 mengda auka jamnt,  og temperaturen har auka i same takt. Pettersen trur ikkje at ein liten auke i CO2 nivået kan påverke klimaet. Han skriv at i lufta er det i dag 0,04 % CO2, at av dette er berre 0,002 % menneskeskapt.

I mai dette året melde amerikanske forskarar ved Mauna Loa observatoriet  om rekordhøgt CO2 nivå.  Dei målte for første gang over 415 ppm, mot 280 ppm i førindustriell tid. Dette er ein auke på 45%. 

Det er ingen som hevdar at ein temperaturauke på 2-3 grader vil føre til ein total øydeleggjing av jorda. Menneske som art vil overleve, men store landområder vil bli lagt under vatn, matproduksjonen vil gå ned, og millioner av mennesker må ut på flukt.

Siste alarmerande melding er fra Himalaya. Breane der minkar dobbelt så fort som for 20 år sidan. Dersom breane blir borte vil elvane tørke inn og hundrevis av millionar vil miste livsgrunnlaget sitt. Dette vil kunne føre til store folkevandringar, med alt det inneber.

CO2 nivået har ikkje vore like høgt som nå på 3 millionar år.

Atmosfæren er bare eit tynt gassteppe som ligg rundt den vesle kloden vår. Den er meir sårbar enn det ein kunne håpe. Ingenting hadde vore betre enn at Pettersen og meiningsfellene hans har rett. Då slepp ein å bekymre seg om framtida til barn og barnebarn. Det er dessverre lite som tyder på det.

Vitskapsskeptikarane vil sikkert halde fram med propagandaen sin til tross for at alle observasjonar viser at forskarane har rett.

Besteforeldrenes klimaaksjon Drammen - Elisabeth Briseid.

Naturvernforbundet i Buskerud - Martin Lindal.