Du er her:

Ny fylkessekretær

Etter 35 år i trofast tjeneste for Naturvernforbundet slutta Per Øystein i stillinga som fylkessekretær 1.1.21. Me set stor pris på innsatsen hans gjennom alle desse åra.

Ny fylkessekretær blei ansatt fra same dato, i 30% stilling.

Navnet hennar er Ines Bråthen. Ho er 32 år, busett i Solbergelva, og stolt mor til to hundar og eit ukjend tal undulatar. Ines har ein Bachelorgrad i biologi fra NMBU - Hovedvekt på økologi.

Ines har dei siste åra jobba for Botanisk forening med eit prosjekt for å fjerne framande planteartar. Me ser fram til å samarbeide med Ines. Håpar ho held i 35 år.

Artikkelen ble sist oppdatert: 15.01.2021