Du er her:

fiskebu øyvatn

Fiskebu Øyvatn.

Politisk kamp om fiskebu.

Nesbyen Høgre arbeider for å endre rettleiaren “Garden som ressurs”, slik at jakt og fiske som reiselivstilbod skal telja som ei tilleggsinntekt.

Dei har fått med seg stortingsrepresentant Ørmen Johnsen og har hatt møte med statsråd Astrup. Dei bruker saken om den ulovleg oppsette fiskebua ved Øyvatn som eks. på kor urimeleg regelverket er. Helge Rustand har 4/17 av fiskeretten i Øyvatn og har sett opp ei fiskebu ved Øyvatn,  sjølv om han allereie hadde tilgang på ei. Hans rett vil kunne føre til uttak av ca.40 kg fisk + evt. Stangfiske. Det er altså særs  små ressursar det er snakk om. Allikevel køyrer Høgre dette som ei prinsippsak.

Får dei gjennomslag for dette synet vil det ha store konsekvensar. Det kan føre til ei ukontrollert utbygging av norsk natur. Hytter på 15m² vil kunne setjast opp overalt dersom grunneigaren føler behov for det.  Dei andre grunneigarane, som deler dei resterande syttendelane, vil automatisk få same retten. På spørsmål frå Hallingdølen om dette kan føre til ei fordekt hyttebygging i fjellet, svarer Rune Ihle i Nesbyen Høgre:” Nei,alle kan ikkje ha rett til dette. Men dei som lever av garden, må få moglegheit til å styrke denne”  Når dei bruker Rustand som eks. må det vera rett å stille spørsmålet: Er det slik at Rustand lever av garden? Dersom svaret er nei, må det vera rett å leggje saka bort. I desse dagar , med stadig nye meldingar om eit naturmangfold under press, kan det ikkje vera rett å leggja opp til eit regelverk som vil føre til ei ukontrollert bygging av småhytter rundt omkring i skog og mark.