Du er her:

Innlegg:

Skardnatten - Viken Skog og alternative fakta

I Hallingdølen 10.april prøver kvalitets- og miljøsjef i Viken Skog, Per Hallgren, å tåkelegge Skardnatten-saka med påstandar som ikkje er rette. Han påstår at hogsten på Skardnatten er gjort etter boka, og insinuerer at tiurleiken på Skardnatten er eit påfunn frå naturvernsida. Han avsluttar med at dette er eit godt døme på at hemmeleghald ikkje gagnar miljøet.

Kva for bok Hallgren viser til er vanskelig å vite, men det ser ut til å vera skogbruket si mykje brukte flatehogstbok. Skardnatten som før var ein gammal skog med tiurleik, er nå ein skogørken, med fleire flatehogstar. Tilsaman er det hogd over 1000 dekar i området. Det er mykje meir enn ein tiurleik som har gått tapt her. Lov om skogbruk viser i §4 kva som er skogeigar sitt ansvar:

Ҥ 4.Skogeigaren sitt forvaltaransvar

Skogeigaren skal sjå til at alle tiltak i skogen blir gjennomførte i samsvar med lov og forskrift. Skogeigaren skal ha oversikt over miljøverdiane i eigen skog og ta omsyn til dei ved gjennomføring av alle tiltak i skogen. Slike omsyn kan føre til at nokre tiltak i skogen ikkje kan gjennomførast. Innafor desse rammene står skogeigaren fritt til å forvalte skogen ut frå eigne mål.”

På grunn av hogst i eit område med ein feilregistrert tiurleik, hadde kommunen hyra inn ein biolog som skulle finne ut kor ein eventuell ny leikplass var etablert.  Grunneigarane hadde ikkje tid til å vente med hogst, det kunne få økonomiske følgjer.

Hallgren hevdar at dei ikkje har fått bevis på at tiurleiken faktisk eksisterte.

Tiurleiken på Skardnatten har vore godt kjend i lang tid. Den har vore omtala i viltrapportar frå åttitalet, og frå 2002 har den vore tilgjengelig på naturbase, seinare også artskart. At kommunen sin registrant var på feil stad til feil tid i 2013, fritar ikkje Viken skog for ansvar. Føre var, og den såkalla aktsomhetsplikta bør vera kjende omgrep også hos skognæringa.

Hallgren avsluttar med at saka er eit godt døme på at hemmeleghald ikkje gagnar miljøet.

Han insinuerer med det at nokon har halde tilbake informasjon om tiurleiken. Det er bare vås. Når det gjeld hemmeleghald, sit Viken Skog SA i glashus.

Naturvernforbundet kjenner til minst fire saker der Viken Skog har blitt klaga inn til Klagenemda for Miljøinformasjon fordi dei har halde tilbake miljøinformasjon, som dei har plikt til å levere ut. Naturvernforbundet har klaga Viken Skog inn to gonger og fått medhald i nemda i begge tilfella. Det ser ikkje ut til at selskapet har lært av dette. Dei har i liten grad endra praksis. Det kan fort føre til fleire fellande vedtak mot selskapet i nemda i framtida.

Naturvernforbundet i Buskerud - Martin Lindal