Du er her:

Vinter. Foto: Martin Lindal.

Vinter. Foto: Martin Lindal.

Snøskuter og dyreliv – klima og natur

I Hallingdølen 11.12, under overskrifta: “Her kjem det skuterløype”, er det ein reportasje om planane om ei skuterløype i øvre Numedal. Det er Øvre Numedal Friluftsopplevelser som står bak planane. Meininga er at løypa skal gå fra Veggli via Vergjedalen til Øygardsgrend, med avstikker til Norefjord. Tilsaman blir det mange mil med skuterløype. Motivet for å starte opp med løypa har vore å gi unge menneske eit høve til å koma seg ut i naturen på snøskuter, og å styrke driftsgrunnlaget til dei som har teke over gard og grunn i dei same områda.

Naturvernforbundet i Buskerud (NiB) meiner dette er lite framtidsretta planar. Me har både ei klima- og naturkrise me skal løyse. Klimautsleppa går opp, sjølv i eit år med koronakrise, og det kjem stadig nye rapportar om tap av biologisk mangfald. Sidan 1970 har 60% av dyrebestandane i verda blitt borte. Dyrelivet er ekstra sårbart om vinteren, og mykje skutertafikk kan føre til at mange dyr ikkje klarer  seg gjennom ein hard vinter. Løypa er planlagt gjennom område som er viktige leveområde for kongeørn. Kongeørna er veldig var for uro i starten av hekkeperioden på våren , og skutertrafikk på denne tida kan øydeleggje hekkinga. Det aktuelle området i øvre Numedal er vanlegvis  eit stille og roleg område vinterstid, og auka trafikk i denne sårbare tida kan føre til dårlegare overleving for fuglar og dyreliv. Lirype og fjellrype har vore på raudlista, men gjekk ut av lista da den siste versjonen kom nå i november. Det er ikkje fordi bestanden har blitt stor og robust, men nedgangen har stoppa opp. Blir det mange skuterløyper rundt omkring i kommunane, vil dei sannsynlegvis vera tilbake på raudlista ved neste krossveg.

Regionalt planforum

Det er ikkje gjort vedtak i kommunestyra i Nore og Uvdal og Rollag om at løypa skal byggjast. Men trass i manglande politisk ryggdekning, har det vore gjennomført regionalt  planforum med NVE, Mattilsynet, Statsforvaltaren og fylkeskommunen 14.9.2021. Statsforvaltaren stilte med heile fem personar, fylkeskommunen med fire. Tilsaman var det elleve personar frå det regionale nivået med på møtet. Det er ein formidabel bruk av ressursar for å diskutere ein privat plan som ikkje har eit politisk vedtak bak seg.  Diskusjonen i planforum handla om kva som måtte til av planarbeid for å få til ei løype. Statsforvaltaren var klar på at unntak fra forbod mot motorferdsel i utmark, må ha heimel i forskrift/lov om motorferdsel. Reguleringsplan vil ikkje vera tilstrekkeleg.

Planen er at løypa skal driftast privat og skal gi næringsinntekt, men det er ikkje avklart om det er lov å ta betaling for å bruke løypa. Nore og Uvdal kommune stilte spørsmål om det ikkje var  enklast å omregulere heile området fra natur- landbruk og friluftsområde (LNF) til motorferdsel. Det blei avvist frå fylkeskommunen og Statsforvaltaren.

Ulovleg køyring

Evalueringa av det nasjonale prøveprosjektet med skuterløyper viste også at løypene sjølvsagt førte til meir skuterkøyring. Talet på skuterar gjekk opp, og det førte til meir ulovleg køyring. Det er grunn til å tru at denne ulovlege køyringa vil auke ytterligare fordi mange heldt seg i skinnet så lenge det var eit prøveprosjekt. Politiet og Statens Naturoppsyn slit i dag med kapasitet til å kontrollere den ulovlege køyringa me har. Det er vanskeleg å få tak i dei som bryt reglane, og ofte må helikopter til for å få tatt dei. I samband med ein politikontroll av ulovleg skuterkøyring  på nyåret  uttalte styreleiar for Øvre Numedal friluftsopplevelser seg til Laagendalsposten.(22.1.2021). ”Dette er en del av kulturen vår, og ikke noe vi kommer til å slutte med. Å bli stoppa av politiet i en kontroll, hadde jeg nok ikke tatt så tungt, det tror jeg ikke de fleste andre hadde gjort heller”

Ei slik haldning til lovverket frå prosjektleiaren tyder på at denne skuterløypa blir eit flott utgangspunkt for ulovleg leik med skuter i sårbare område.

Motstand mot planane

Det er sannsynlegvis mange i lokalmiljøet som er skeptiske til denne løypa. Den positive haldninga fra kommunen si side til all ny aktivitet gjer det vanskeleg å stå fram offentleg med kritikk mot planane.

Naturvernforbundet i Buskerud meiner at dersom det må ein skuter til for å få ungdomen ut i naturen, er det betre at dei sit inne og ser på telefonen sin. Det er meir framtidsretta å satse på det enkle sporlause friluftslivet. Oppleve verdien av stillheit, kunne oppleve stjernehimmelen utan forstyrrande lys, og oppleve fugl og dyreliv utan å forstyrre dei. NiB håpar at politikarane i dei respektive kommunestyra avviser desse planane. Meir snøskuter-køyring er ikkje rette måten å møte dei store  utfordringane me står overfor når det gjeld klima og natur. Sjølv Nore og Uvdal og Rollag er ein del av verda.

 

Naturvernforbundet i Buskerud - Per Furuseth og Martin Lindal.

Artikkelen ble sist oppdatert: 23.12.2021